Barnehagelærerutdanning, deltid

Bachelor Hausten 2021

Barnehagelærarutdanning er både ei profesjonsutdanning og ei leiarutdanning. Her lærer du om leiing, samarbeid med barn, medarbeidarar og foreldre, samt korleis ein kan arbeide for å auke kvaliteten i barnehagen. I tillegg vektlegg studiet arbeid med styringsdokument og teori forankra i barns læring, leik og utvikling.

Som barnehagelærar har du leiaransvar for barn, barnegrupper og tilsette. I tillegg samarbeider du tett med foreldre, og i periodar med andre samarbeid. Her får du bruk for alt du lærer i utdanninga, både faglege og personleg.

Barnehagelæraryrket er krevjande, men òg variert og spennande. Sjølv om du har mange samarbeidspartnarar som barnehagelærar, er det først og fremst barna som står i sentrum. Arbeidet saman med barna gir yrket "krydder og farge", og sørger for at ingen dagar vert like.

Undervisningsmåter

I Sogndal er det tre samlingar på campus pr. semester: mandag, tysdag og onsdag.

I tillegg er det ein nettdag pr. veke i dei vekene det ikkje er samling.

I Bergen er det undervisning torsdager og fredager.

Praksis

Praksis er ein viktig og obligatorisk del av utdanninga di. Du har praksis kvart år heile studiet - 100 dagar totalt.  Det er Høgskulen på Vestlandet som finn praksisplass til deg og du får praksisplass i nærleiken av der du bur, så sant det er godkjent praksisbarnehage i ditt område. Du må rekna med å ta permisjon frå jobb i tilknyting til samlingar og praksis.

Her finn du informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

Det finst mange moglegheiter til å ta vidareutdanning. Bachelorutdanninga kan gi grunnlag for opptak til fleire mastergradsutdanningar ved Høgskulen på Vestlandet og andre institusjonar.

Lenke til master i barnehagekunnskap finn du her.

Utveksling

Det er lagt til rette for studieopphold i utlandet i fjerde år på deltidsutdanningen.