Studieplan - Bachelor i idrett, trening og helse

Kull Hausten 2021

Bachelor i idrett, trening og helse er ei brei idrettsutdanning der du spesialiserer deg i éin av dei to studieretningane idrett og trenarrolla eller trening, fysisk aktivitet og helse. Studieprogrammet gir forskingsbasert kunnskap om verknader av ulike former for trening og fysisk aktivitet, samt kunnskap om idretten sin eigenart og plass i samfunnet. Studiet tek òg opp samfunnsaktuelle og etiske problemstillingar knytt til trening, kropp og helse. Du tileignar deg kompetanse i å planlegge, legge til rette, leie og evaluere trening og fysisk aktivitet for ulike målgrupper og individ. Som student får du relevant erfaring gjennom fleire praksisperiodar. Kombinert med praktisk pedagogisk utdanning gir begge studieretningane formell undervisningskompetanse i kroppsøving.

Studieretninga idrett og trenarrolla passar godt for deg som vil jobbe i idretten eller studere vidare for å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket. Studiet skjer i tett samspel med den organiserte idretten i klubb, krets og forbund, og kan gje sertifisert trenarutdanning i utvalde idrettar som til dømes fotball og klatring. For studentar som er i sertifiseringsløp i ein spesifikk idrett (til dømes fotball) vil obligatorisk læringsaktivitet i ulike emne vere tilpassa spesialiseringsidretten.

Studieretninga trening, fysisk aktivitet og helse passar godt for deg som vil jobbe med trening og fysisk aktivitet i treningssenterbransjen eller innan helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande tiltak som t.d. frisklivssentralar og rehabiliteringssenter. Studiet har ein folkehelsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom livsstil og helse på individ-, gruppe- og samfunnsnivå.

Studieprogrammet kvalifiserer til opptak på master i idrettsvitskap (karakterkrav C), master i samhandling og folkehelse (karakterkrav C) og praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C, sjå eigne opptakskrav) ved HVL. Etter fullført master kan ein kvalifisere seg vidare til opptak på doktorgradsprogram ved HVL.

Læringsutbytte

Etter fullført bachelor i idrett, trening og helse skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidaten…

  • har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan idrett, trening, læring, fysisk aktivitet og folkehelse
  • har brei kunnskap om å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening og fysisk aktivitet for ulike målgrupper
  • har kunnskap om idrettens historie, tradisjonar, verdiar, eigenart og plass i samfunnet
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid og kan oppdatere kunnskapen sin på sentrale område innan fagfeltet idrettsvitskap
  • har brei kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og ulike typar kjelder

Ferdigheiter

Kandidaten…

  • kan planlegge, legge til rette for og leie trening og fysisk aktivitet for ulike målgrupper, og justere denne under rettleiing
  • kan observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske og teoretiske oppgåver
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under rettleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk
  • kan meistre bruk av digitale hjelpemiddel innan fagområdet idrett
  • kan delta aktivt i samskapande og nyskapande prosessar

Generell kompetanse

Kandidaten…

  • har evne til å framstå profesjonelt og reflektere over eigne haldningar og etisk medvit
  • kan samhandle og kommunisere med individ, grupper og samfunnsaktørar innan det idrettsfaglege og folkehelsefaglege området
  • kan planlegge, legge til rette for, leie og evaluere ulike former for trening og fysisk aktivitet
  • kan utveksle erfaringar og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett, trening og helse
  • kjenner til og kan ta del i nytenking og innovasjonsprosessar innan dei aktuelle fagområda

Innhald

Studentane vel studieretning idrett og trenarrolla eller studieretning trening, fysisk aktivitet og helse der einskilde emne er felles for heile studieprogrammet (totalt 60 studiepoeng), andre er spesifikke for studieretninga (totalt 90 studiepoeng) og 30 studiepoeng er valbare emne i 5. semester.

Praksis

Praksis vil gjennomførast på ulike arenaer avhengig av studieretning, til dømes innan treningssenterbransjen, i idretten, i opplæring- /oppvekstsektoren og innan helseinstitusjonar (førebygging, behandling og rehabilitering).

1. studieår

  • Studieretning idrett og trenarrolla
    • Punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar), aktivitetsleiing knytt til emnet Idrett og aktivitetslære
  • Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse
    • Ingen praksis

 

2. studieår

  • Studieretning idrett og trenarrolla
    • Trenar- eller lærarpraksis, punktpraksis (40 timar) og er knytt til emna Coaching og trenarrolla (20 timar) og Ferdigheitslæring (20 timar)
  • Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse
    • Treningsplanlegging og rettleiing, punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar) knytt til emnet Aktivitetsmedisin
    • Treningssenterpraksis, med arbeidsmengde tilsvarande ei veke knytt til emnet Coaching og adferdsendring
    • Tre veker samanhengande yrkespraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering knytt til emnet Coaching og adferdsendring

 

3. studieår 

  • Studieretning idrett og trenerrolla
    • Organisasjonspraksis i relevante idrettsorganisasjonar (frivillig eller profesjonell) tilsvarande ei arbeidsveke. Praksisperioden kan bli organisert over ei veke eller etter avtale med emneansvarleg gå over ein lengre periode. Praksisen er knytt til emnet Sport-kultur-leiing
  • Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse 
    • Praksisperiode på to veker ved institusjonar eller organisasjonar som er fagleg relevante. Praksisen er knytt til emnet Aktivitetsmedisin 2

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Det vil vere praktisk undervisning i større og mindre grupper utandørs, i treningssal og i treningsstudio. Studentane vil få erfaring med ulike typar laboratoriearbeid relevant for testing av fysisk yteevne og helse. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

I studieprogrammet vert det nytta ulike obligatoriske læringsaktivitetar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet.

Vurderingsformer

Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale obligatoriske læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgande evalueringsformer vert nytta: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen, skriftleg oppgåve i gruppe og skriftleg bacheloroppgåve i gruppe.

Krav til studieprogresjon

Det er krav om minimum 90 fullførte studiepoeng frå bachelor i idrett, trening og helse eller tilsvarande for å kunne ta emnet Forskingsmetode og bacheloroppgåve i idrett, trening og helse 

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet i 5. semester. HVL har utvekslingsavtalar med institusjonar i Nord-Amerika, Australia, Europa og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.