
Sosialt arbeid
Bachelor Hausten 2021
Utdanninga innan sosialt arbeid kvalifiserer deg til sosionom. Som sosionom arbeider du med menneske som treng støtte i ei vanskeleg livssituasjon.
Som sosionom møter du enkeltmenneske og familiar med ulike sosiale problem. Det kan vere ein familie som treng råd for å få kvardagen til å gå opp, ein innsett i fengsel som skal tilbake til samfunnet, eller ein person som har stått utanfor arbeidslivet lenge.
Som sosionom hjelper du med å finne løysingar som kan forbetre livskvaliteten, og gje hjelp til sjølvhjelp. Du er også eit viktig bindeledd mellom den enkelte og hjelpetilboda i samfunnet.
Du må vere interessert i andre menneske og deira historie, like å ta ansvar og vere samfunnsengasjert. Du må også ha gode evne til å kommunisere og samarbeide.
Gjennom studiet får du kunnskap om hjelpeapparatet, jus, samfunnsfag, psykologi, etikk og sosiale rettar.
I undervisninga får du varierte læringsformer som forelesning, prosjektarbeid, feltarbeid, ferdigheitstrening og praksis.
Praksis
I løpet av utdanninga møter du brukarar og andre kollegar innan sosialt arbeid når du er ute i praksis. Praksisstudiane utgjer om lag 20 prosent av studiet. Du har praksis både første og siste studieår. Slik er praksisperiodane fordelt:
- Første studieår: 10 veker i praksis
- Tredje studieår: 13 veker i praksis
Minst ein av praksisperiodane dine bør vere innan forvaltning eller saksbehandling.
Her finn du informasjon om praksis.
Kva kan du jobbe med?
Sosionomar er attraktive arbeidstakarar innan fleire område. Blant anna kan du jobbe innan:
- nav, kriminalomsorga og asylmottak
- familierådgiving, barnevern og skule
- psykisk helsevern og rusomsorg
- frivillige organisasjonar
Vil du studere meir?
Du kan ta master- og vidareutdanning, og spesialisere deg innan et fagfelt du interesserer deg særleg for. Som ferdig utdanna sosionom kan du blant anna ta master i psykisk helse- og rusarbeid, i samfunnsarbeid, eller familieterapi og relasjonelt arbeid.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerer! Som student i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.
Du kan reise på utveksling i ditt femte studieår.
Studentar i Bergen kan reise til:
Australia | Griffith University
Australia | James Cook University
Bolivia | Colegio Jesus Maestro
Danmark | VIA University College
Island | University of Iceland
Nederland | INHOLLAND University of Applied Sciences
Spania | Complutense University of Madrid
Spania | University of Salamanca
Sverige | Lund University
Tanzania | Kiwakukki Centre Moshi
Tanzania | Amani Centre Morogoro
Tanzania | Elimu Mwangaza Tanzania
Tanzania | Mehayo Centre
Tanzania | Muhimbili National Hospital
Tyskland | Alice Salomon University of Applied Sciences
Tyskland | Mannheim University of Applied Sciences
USA | Augsburg University
Studentar i Sogndal kan reise til:
Australia | University of the Sunshine Coast
Australia | James Cook University
Canada | Trent University
Danmark | University College Lillebælt
Estland | University of Tartu
Nederland | Saxion Universities of Applied Sciences
Sverige | Linnæus University
USA | Augsburg University