Byggingeniør

Bachelor Hausten 2021

Byggingeniøren planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. I dette yrket vil du også jobbe med å sikre berekraftige og grøne løysingar i framtidas bygg.

Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.

Utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.

I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan ulike studieretningar.

Du lærer å:

  • planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
  • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
  • jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid

Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i grupper på tre personar. Oppgåva er eit konkret og forskningsbasert arbeid som blir skriven i samarbeid med ulike verksemder.

HVL tilbyr denne utdanninga i både Bergen og Førde, og at det kan difor vere lurt å legge inn begge alternativ på søkarlista di.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.

Praksis

Det er moglegheiter for å få godkjend praksis om sommaren mellom 4. og 5. semester.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.

Kor kan du reise?

Teknologisamarbeid i Førde

På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking. Tar du teknologiutdanning i Førde kan du tillegg få relevant jobb mens du studerer!

Lett å bli kjent med folk

Andreas Øsleby (25) studerer byggingeniør i Førde. Han likar at det er små klassar som gjer det lett å henge med i timen og spørre om det ein lurer på.