Elkraftteknikk, nett- og samlingsbasert

Bachelor Hausten 2021

Har du tatt 2-årig fagskule innan elkraft og ønskjer å gå vidare med ei ingeniørutdanning kombinert med jobb? Då er dette utdanninga for deg!

Dette studiet gir vanlegvis 60 studiepoeng fritak basert på gjennomførte emne frå relevant studieretning på fagskulen. Studiet går over 3 år, der du tar 20 studiepoeng per semester.

Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar utanfor Bergen. Det er tilrettelagt for at studentar frå heile landet kan følgje utdanninga.

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi knapt sjå for oss. Utan elektrisk straum stoppar store delar av samfunnet opp. Nye miljøkrav til berekraftig produksjon frå mellom anna vind og vann, gjer kompetansen til elkraftingeniøren stadig meir relevant og etterspurd. Korleis kan vi sikre effektiv overføring og bruk av energi til samfunnet? Korleis drar vi nytte av fornybare energikjelder og utviklar energiløysingar som er berekraftige for framtida?

Elkraftingeniøren spelar ei viktig rolle i dette arbeidet og jobbar med eit spennande og framtidsretta fagfelt. Med denne utdanninga vil du bidra til at systema fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri.

Fagområdet er breitt, og dekker både produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.

Gjennom studieretningsfaga, valfaga eller bacheloroppgåva kan du fordjupe deg innan:

  • energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
  • høgspenningsteknologi
  • elektriske maskiner og omformarar
  • kraftelektronikk
  • lavspenningsinstallasjonar

Undervisningsmåtar

Studiet vil vere samlingsbasert med nettundervisning mellom samlingane. I løpet av eit semester vil det vere inntil fire samlingar. Ei vanleg samling vil vere på maksimalt tre dagar, og samlingane vil i dei fleste tilfella finne stad på ein av campusane våre.

Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla og når du arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet utover organisert undervisning.

I emne som er felles for elkraftteknikk og automatisering med robotikk, vil klassane ha felles opplegg for undervisning. Nokre eksamenar vil kunne bli arrangert på campus.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på inntil fire personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Vil du studere meir?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap. UiB tilbyr også eit masterprogram i energi i samarbeid med HVL.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.

Kunnskap som næringslivet treng

Vanessa Eide (34) har aldri angra på at ho valde å studere elkraft i Førde. I dag jobbar ho som systemingeniør i Linja AS på Sandane.