Elkraftteknikk

Bachelor Hausten 2021

Samfunnet vårt er avhengig av elektrisitet, og stadig meir skal komme frå fornybare energikjelder. Elkraftingeniøren bidrar i eit viktig arbeid - gjennom å sikre samfunnet elektrisitet og utvikle framtidas grøne energiløysingar.

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi knapt sjå for oss. Utan elektrisk straum stoppar store delar av samfunnet opp. Nye miljøkrav til berekraftig produksjon frå mellom anna vind og vann, gjer kompetansen til elkraftingeniøren stadig meir relevant og etterspurd. Korleis kan vi sikre effektiv overføring og bruk av energi til samfunnet? Korleis drar vi nytte av fornybare energikjelder og utviklar energiløysingar som er berekraftige for framtida?

Elkraftingeniøren spelar ei viktig rolle i dette arbeidet og jobbar med eit spennande og framtidsretta fagfelt. Med denne utdanninga vil du bidra til at systema fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri.

Fagområdet er breitt, og dekker både produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.

Gjennom studieretningsfaga, valfaga eller bacheloroppgåva kan du fordjupe deg innan:

  • energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
  • høgspenningsteknologi
  • elektriske maskiner og omformarar
  • kraftelektronikk
  • lavspenningsinstallasjonar

Undervisningsmåtar

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan omfatte forsøk på komponentnivå og på systemnivå. Førelesningane føregår i all hovudsak på campus, men vil også supplerast med nettbasert innhald der det styrker læringa.

I emner som er felles for elkraftteknikk og automatisering med robotikk, vil klassane ha felles undervisning. Dei fleste tekniske spesialiseringsemnene innan elkraftteknikk vil ha nett- undervisning parallelt med undervisninga i Bergen.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på inntil fire personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Vil du studere meir?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap. UiB tilbyr også eit masterprogram i energi i samarbeid med HVL.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.

Hans Andreas Torsvik og Kristoffer Berg Kårstad.

Hans Andreas Torsvik og Kristoffer Berg Kårstad utdannar seg til elkraftingeniørar i Førde. Med det grøne skiftet vil kompetansen deira bli ettertrakta i framtidas arbeidsmarknad.

Teknologisamarbeid i Førde

På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking. Tar du teknologiutdanning i Førde kan du tillegg få relevant jobb mens du studerer!