
Historie, nettstudium
Årsstudium Hausten 2021
Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia.
Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.
Studiet gir deg ei innføring i historie frå antikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggjande spørsmål og arbeidsmåtar.
Årsstudium i historie kan du også ta som campusstudium.
Du lærer
- om hovudtrekka i eldre og nyare norsk, europeisk og global historie
- om politiske tilhøve i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
- korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
- korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
- å kritisk vurdere historiefaglege tekstar
Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.
Undervisningsmåtar
All undervisning skjer på nett, og studiet føreset at ein har datamaskin med internettilknyting, videokamera, mikrofon og vanleg programvare til skriving og kommunikasjon. Undervisninga skjer ved hjelp av læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy.
Vi har nettforelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing og øving i formidling til ulike målgrupper. Nettstudentar har også høve til å delta på førelesingar, seminar, ekskursjonar og andre undervisningsaktivtetar på dei tilsvarande campusemna i Sogndal. Campus- og nettstudentane følgjer same løp, og noko av undervisninga vil bli samordna.
Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.
Kva kan du jobbe med?
Eit årsstudium i historie passar godt saman med andre utdanningar, som samfunnsfag, kulturfag, økonomiske fag, idrettsfag eller sosialfag. Å utvide fagkompetansen med historie vil vere nyttig for arbeid innan undervisning, offentleg og privat administrasjon eller organisasjonar.
Les meir og sjå kva tidlegare historiestudentar arbeider med.
Vil du studere meir?
Årsstudiet i historie er identisk med 1. studieår på bachelor historie. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.