Branningeniør

Bachelor Hausten 2021

Kva skjer når ein brann bryt ut? Korleis utvikar den seg og korleis kan vi redusere konsekvensane av brann? Som branningeniør er du med på å sikre liv gjennom ulike førebyggande tiltak.

Har du nokon gong tenkt på kor lang tid det tar å evakuere mange menneske ut frå eit stort bygg? Er det tilstrekkeleg med rømingsvegar? Er bygget designa slik at både menneske og omgjevnader kan sikrast på ein effektiv og god måte?

Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar. Kjerneoppgåva for branningeniøren er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann. Som branningeniør er du med på å skape auka sikkerheit i samfunnet gjennom å kartlegge, analysere og sette i verk viktige brannførebyggande tiltak.

I Norge er det stor mangel på branningeniørar. HVL er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr denne utdanninga, og kompetansen du får er difor svært unik og etterspurt. Både rådgjevingsfirma, branntekniske firma, eller førebyggande avdelingar i brannvesenet treng kvalifiserte medarbeidarar som kan utvikle nye løysingar og skape berekraftige bygg for framtida.

Etter fullført bachelorgrad kan du i tillegg vidareutvikle kompetansen din med ein master i brannsikkerheit ved HVL og få fleire spennande karrieremoglegheiter.

Undervisningsmåtar

Sentrale tema i utdanninga er branndynamikk (det vil seie korleis ein brann oppfører og utviklar seg), risikoanalyser, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkesystem.

Utdanninga er organisert gjennom forelesingar, gruppearbeid, bedriftsbesøk, lab og rettleiing.

Vi har også eit eige brannlaboratorium i høgskulebygget der vi utfører øvingar og testar.

Det blir òg opna for studieturar i inn- og utland.

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelorgrad kan du søke opptak til ulike mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du ta master i brannsikkerheit og dermed bli enno meir aktuell for sikkerheitsrelaterte jobbar i privat og offentleg næring.

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Dette gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du taper dermed ikkje tid.

Kor kan du reise?

Kjekkast med forsøk i brannlaben

Hågen Solbakken (23) fekk tilfeldigvis høyre om branningeniørstudiet gjennom ein ven av familien. Etter at han søkte seg til Haugesund har han ikkje angra.