
Maskiningeniør
Bachelor Hausten 2021
På maskiningeniørutdanninga på campus Haugesund kan du velje å spesialisere deg innan konstruksjon av utstyr som skal fungere i eit maritimt miljø, eller innan design, modifikasjon og drift av prosessanlegg. Profilretningane våre gir deg spesialisering for jobbar innan undervassteknologi, konstruksjons- og verftsbedrifter og prosessindustri.
Oljefunn på stadig djupare vatn har gjort det nødvendig å utvikle stadig meir avansert teknologi. Vi svarer òg på nye utfordringar ved å inkludere fornybar energi i utdanninga.
Studiet er utvikla i tett samarbeid med næringslivet i regionen. Haugesund er midt i ei klynge av bedrifter som har spesialisert seg innan undervassteknologi. Dette er teknologi som ikkje berre blir brukt i olje- og gassindustrien, men òg i vindmølleparkar offshore og store havbaserte oppdrettsanlegg. Regionen har fleire verft og ingeniørbedrifter som er spesialisert mot offshoreverksemd, eitt av verdas største gassbehandlingsanlegg og avansert aluminiumsindustri.
Undervisningsmåter
For å gi studentane spisskompetanse inn mot denne næringa tilbyr høgskulen to fordjupingar:
- Marin konstruksjonsteknikk
- Prosess-og energiteknikk
Studentar som tar fordjuping innan marin konstruksjonsteknikk, spesialiserer seg innan konstruksjon av strukturar og utstyr som skal fungere i et maritimt miljø. Det kan for eksempel vere utstyr til bruk på plattformar, i undervassinstallasjonar eller i vindmøller. Teknisk teikning og berekningar står sentralt.
Studentar som tar fordjuping innan prosess- og energiteknikk, spesialiserer seg innan design, modifikasjonar og drift av prosessanlegg i landbasert og offshorebasert industri. Studiet fangar opp utviklinga mot meir bruk av undervassteknologi framfor plattformer, samt utviklinga av fornybar energi.
Kva kan du jobbe med?
Som maskiningeniør kan du jobbe i industribedrifter, som for eksempel i petroleumsrelatert industri, verkstadsindustri og prosessindustri. Ein kan òg jobbe i transportsektoren, i kommunar, hos produsentar og leverandørar av utstyr, i reiarlag, hos kontrollstyresmakter eller i ingeniørfirma med rådgiving. Ein del maskiningeniørar startar si eiga verksemd.
Vil du studere meir?
Fullført bachelorgrad gir høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL i Haugesund kan du gå vidare på eit internasjonalt masterløp i "Maritime Operations".
Utveksling
Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar over heile verda som gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du taper dermed ikkje tid.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | Victoria University
Australia | University of the Sunshine Coast
Australia | James Cook University
Danmark | Aarhus School of Marine and Technical Engineering
Finland | Seinäjoki Polytechnic
Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences
Frankrike | University of Lille Nord de France
New Zealand | The University of Waikato
New Zealand | Auckland University of Technology
Polen | Cracow University of Technology
Portugal | University of Aveiro
Spania | University of Cantabria
Sør-Korea | Myongji University
Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer
USA | San Diego State University
USA | California State University-Bakersfield
USA | University of New Haven