Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, maskin

Kull Hausten 2021

Studieprogrammet i maskin har som mål å gi kunnskapane som er nødvendige for å kunne utforma basiselementa innan fagområdet sitt i dagens teknisk avanserte samfunn. Slike basiselement kan vera pumper, ventilar, varmevekslarar, kompressorar, gassturbinar, dampturbinar, tannhjul, lager, vifter mm.

Maskiningeniørstudiet i Haugesund gjev studentane ei spesialisering inn mot jobbar innan konstruksjon- og verftsbedrifter, prosessindustri og undervassteknologi.

Haugesund er midt i ei klynge av bedrifter som har spesialisert seg innan undervassteknologi. Dette er teknologi som ikkje berre vert brukt i olje- og gassindustrien, men òg i vindturbinparkar offshore og store havbaserte oppdrettsanlegg. Regionen har fleire verft og ingeniørbedrifter som er spesialisert mot offshoreverksemd, eitt av verdas største gassbehandlingsanlegg og avansert aluminiumsindustri.

For å gje studentane spisskompetanse inn mot denne næringa tilbyr høgskulen to fordjupingar på studiet: Marin konstruksjonsteknikk og Prosess- og energiteknikk.

Studieprogrammet i maskin føl Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018.

Læringsutbytte

Etter fullført og bestått utdanning skal ein kandidat ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • har grunnleggjande kunnskap om konstruksjon og/eller produksjon, materialar og kunnskap innan heilskapleg system- og produktutvikling. Kandidaten har kunnskap som medverkar til relevant spesialisering, breidde eller djupne.
  • har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap og relevante samfunns- og/eller økonomifag og korleis desse blir integrerte i system- og produktutvikling, konstruksjon og produksjon.
  • har kunnskap om fagets historie, utvikling og rolla til ingeniøren i samfunnet. Kandidaten har kunnskap om konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid, relevant metodikk og arbeidsmåte innan eige fagfelt.
  • kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter

  • kan nytta kunnskap i matematikk, fysikk, kjemi og teknologiske emne for å formulera, spesifisera, planleggja og løysa tekniske problem på ein godt grunngjeven og systematisk måte.
  • kan konstruera, velja material, berekna styrke og skildre produksjonsmetodar for ulike mekaniske system.
  • kan nytta kunnskap innan termodynamikk og energifag til å analysera energisystem og energieffektive alternativ.
  • meistrar utviklingsmetodikk, kan nytta fagleg relevant programvare, har grunnleggjande programmeringsferdigheiter og god grunnleggjande digital kompetanse.
  • kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, eksperiment og simuleringar, samt analysera, tolka og bruka framkomne data, både sjølvstendig og i team.
  • kan finna, vurdera og utnytta teknisk kunnskap på ein kritisk måte innan området sitt, og presentera dette både munnleg og skriftleg for å kasta lys over ei problemstilling.
  • kan bidra til nytenking, innovasjon, kvalitetsstyring og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.

Generell kompetanse

  • har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innanfor fagområdet sitt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • kan identifisera sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datatryggleiksaspekt i produkt og system som nyttar IKT
  • kan bidra i formidling av ingeniørfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kan bidra til å synleggjera meininga med og konsekvensar på grunn av teknologien.
  • kan reflektera over eiga fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til det aktuelle arbeidstilhøvet.
  • kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

Innhald

Forutan dei grunnleggjande faga innan matematikk, kjemi, statistikk og fysikk omfattar studieprogrammet emne som: Materiallære, statikk og fastleikslære, termodynamikk, fluiddynamikk, grunnleggjande elektroteknikk, dynamikk, undervassteknologi, hydraulikk, maskinkonstruksjon, stålkonstruksjon, prosess- og energiteknikk og fornybar energi.

Opptak til 2-årig siv.ing. masterprogram

For å vere kvalifisert for opptak til 2-årig masterprogram som gir sidetittelen sivilingeniør, er det gitt eit meir omfattande krav til samansettinga av bachelorutdanninga enn krava i rammeplan for ingeniørutdanning. Krava er gitt i Nasjonale retningslinjer for ingeniørutdanninga og bachelorgraden må innehalde:

minst 25 SP i matematikk​

minst 5 SP i statistikk​

minst 7,5 SP i fysikk​

 

Studentar som ønskjer å oppfylle opptakskrava, må velje nokre spesifikke valemne.

 

Krava vert oppfylt på følgjande måte:

 

Matematikk

To obligatoriske emne MAT110 Matematikk 1 og MAT202 Matematikk 2, samt valemnet MAT301 Fleirdimensjonal analyse (matematikk 3)

 

Statistikk

Eitt obligatorisk emne MAT121 Statistikk for ingeniørar

 

Fysikk

Fysikk inngår i fleire av dei obligatoriske, tekniske emna i bachelorutdanninga og utgjer til saman meir enn 7,5 studiepoeng. Klassisk mekanikk inngår i dei obligatoriske emna ING171 Klassisk mekanikk, MAS142 Statikk og fastleikslære og MAS224 Dynamikk.

Praksis

Det er mogleg å ta 10 studiepoeng med praksis som ingeniør i bedrift som valemne i 5. semester. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår.

Arbeidsformer

Teoriundervisninga skjer i klasserom og auditorium. Førelesingar kan òg vera digitale, med både synkront og asynkront læringsinnhald. I tillegg til førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium og problembasert læring, har emna innslag av rekneøvingar, laboratorieøvingar og semester- og prosjektoppgåver. I emne som har semester- og prosjektoppgåver, vil oppgåvene ofte verta vurderte i kombinasjon med munnleg eller skriftleg eksamen.

I skildringa av dei enkelte emna står det om emnet har obligatoriske læringsaktivitetar. Siktemålet med dei obligatoriske læringsaktivitetane er at studentane skal få ferdigheitstrening. Oppgåvene legg vekt på samspelet mellom teori og praktiske øvingar, og er eit sentralt verkemiddel for å innarbeide god arbeidsmetodikk. Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før ein kan ta eksamen. Det er obligatorisk frammøte ved laboratorieøvingar, men vanlegvis ikkje til førelesing.

Ekskursjonar kan inngå i enkelte emne.

Alle studentar må ha eiga berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det vert tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentanes IT-utstyr for studium ved Fakultet for Ingeniør- og Naturvitskap finst her. (ekstern lenkje).

Språk

Undervisinga er i hovudsak på norsk, men enkelte av emna kan ha undervising på engelsk.

Vurderingsformer

Det er lagt opp til varierte vurderingsformer i dei ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vera i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vera godkjend for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet.

Informasjon om vurderingsordninga kjem fram av emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærare detaljar.

Krav til studieprogresjon

Det er gitt vilkår for å få starta arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneplanen for bacheloroppgåva.

Følgjande progresjonskrav gjeld for studentar på TRESS:

1.Sommerkurset Grunnleggjande matematikk (Matematikk forkurs) må bestås innan 1. september, for å gå vidare til første semester i ingeniørstudiet.

2.Grunnleggjande fysikk må bestås innan 1. februar, for å gå vidare til andre semester i ingeniørstudiet.

Internasjonalisering

Det er spesielt lagt til rette for studentutveksling i 5. semester. Utdanninga har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa og andre deler av verda, som Australia og USA. Studentar som planlegg slike utanlandsopphald, bør kontakta AFII internasjonalisering ved høgskulen og instituttet i god tid (2 semester før utreise) for å få avklart fagleg førehandsgodkjenning.

Organisering

Utdanninga er treårig, og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla utgjer 30 studiepoeng.

Studiet er eit heiltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid. Undervisinga er primært mellom kl. 08:00 og 17:00, men undervising etter kl. 17.00 kan finne stad. Studenten må rekna med å nytta i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil bruka meir tid.

Bachelorprogrammet følgjer Rammeplan for ingeniørutdanning og emna er fordelt i følgjande kategoriar:

  • Ingeniørfagleg basis: 30 studiepoeng med grunnleggjande matematikk, ingeniørfagleg systemtenking og innføring i ingeniørfaglig yrkesutøving og arbeidsmetodar. Dette skal i hovudsak relaterast til ingeniørutdanninga og leggja grunnlaget for ingeniørfaget.
  • Programfagleg basis: 50–70 studiepoeng med tekniske fag, realfag og samfunnsfag. Dette skal i hovudsak relaterast til studieprogrammet og leggja grunnlaget for fagfeltet.
  • Teknisk spesialisering: 50–70 studiepoeng som gjev ei tydeleg retning innan eige fagfelt, og som byggjer på ingeniørfagleg basis og programfagleg basis. Dette skal i hovudsak relaterast til studieretninga og leggja grunnlaget for fagområdet.
  • Valfrie emne: 20–30 studiepoeng som bidreg til vidare fagleg spesialisering, anten i breidda eller i djupna.

Bacheloroppgåva er ein del av teknisk spesialisering med 20 studiepoeng. Oppgåva skal vera forankra i reelle problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forskings- og utviklingsarbeid og bidra til innføring i vitskapsteori og metode.

Valemna ligg vanlegvis i 5. semester, med atterhald om oppstart av valemne ut frå talet påmelde studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid. Desse kan vera sett saman til pakker/blokker.

For ein del av emna kan det vera krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.

Tresemesterordninga (TRESS) er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk og fysikk. Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester, saman med studentane som går Y-veg. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester. 

Oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamenane i TRESS-opplegget må vere bestått for å halde fram på studiet, sjå krav til studieprogresjon.