
Barns språkutvikling og språklæring
Etter- og vidareutdanning Hausten 2021
Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om korleis du kan stimulere barn si språkutvikling? I dette studiet lærer du om barns språklege utvikling og om språkstimulering gjennom leik, høgtlesing og samtale. Vi har eit særleg fokus på barn som strevar med språkutviklinga og barn med norsk som andrespråk.
Gjennom studiet lærer du om:
- språkutvikling og fleirspråkleg utvikling hjå barn
- barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
- kartlegging og observasjon av barns språkutvikling og barnehagens språkmiljø
- språkstimulering
Det er fire arbeidskrav i løpet av året. Dei er knytt til utvikling av eigen praksis, fagtekst om språkvanskar og eit digitalt arbeidskrav om fleirspråkleg utvikling.
Timeplan
Studiet er heilt nettbasert. Mellom nettsamlingane arbeider du i ei nettbaserte studiegruppe og med sjølvstudium.
Alle samlinger er tirsdager kl 14-16 på nett.
31.08.21
07.09.21
21.09.21
19.10.21
26.10.21
02.11.21
09.11.21
16.11.21
30.11.21
07.12.21
11.01.22
18.01.22
25.01.22
01.03.22
08.03.22
15.03.22
29.03.22
05.04.22
26.04.22
03.05.22
FOU-arbeid uke 5-8.