
Mat og helse 1 1.–10. trinn
Etter- og vidareutdanning Hausten 2021
Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Her får du ei innføring i faget sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.
Du tileignar deg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjer barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gjer dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.
Vidareutdanninga består av to emne, 15 + 15 sp.:
- Emne 1: Mat i et læringsperspektiv
- Emne 2: Mat i et helseperspektiv
Emne 1 gjev ein innføring i matvaregrupper, tilverking av mat, sensorikk og på mat og måltid si tyding for utjamning av sosial ulikheit i helse.
Emne 2 fokuserer særleg på den helsemessige dimensjon av mat og måltidet. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å foreta helsefremjande og førebyggjande kosthaldsval.
Vurderingsformer:
Vurdering: emne 1- praktisk muntlig vurdering, emne 2 - skriftlig vurdering. Begge med karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Timeplan
Samlingsdatoar hausten 2021 (emnet MHE801):
- Veke 36: 9.–10. september
- Veke 42: 21.–22. oktober
- Veke 47: 25.–26. november