Naturfag 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2021

Kunnskap om naturfag er viktig for å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling. Denne vidareutdanninga passer for lærarar som vil undervise i naturfag i grunnskulen.

Dette studiet er for deg som er lærer og som vil undervisa i naturfag i grunnskulen. Du må være tilsett i ei lærarstilling.

Naturfag 1 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen (Kunnskapsløftet 2020).

Vidareutdanningskurset Naturfag 1 vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til grunnskulen si naturfagundervisning. Gjennom utprøving av ulike arbeidsmåtar og diskusjon, blir deltakarane inviterte til å utvikle sin eigen, og skulen sin praksis.

Naturfag 1 behandlar fagstoff frå alle kjerneelement i læreplan for grunnskulen sitt 1.-7. årstrinn. Kurset legg vekt på medvite og målretta oppøving av dei grunnleggande ferdigheitene, slik dei er skildra i rammeverket. Kompetansemål som inngår i kjerneelementa Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar og Teknologi, blir behandla i tilknyting til dei andre kjerneelementa.

Samlingsform og vurderingsform

Studiet er delt i to emne. Emne 1 undervisast om hausten og emne 2 undervisast om våren. Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00. Kvart emne avsluttast med ein skriftleg eksamen, ein i desember og ein i juni.

Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona. Studentar vil bli orientert om tidspunkt før studiestart.

2021-kullet hausten 2021 (emne 1 NAB801):

Undervisning kl. 09.00-16.00 hver dag.

  • Samling 1: 1., 2. og 3. september 2021
  • Samling 2: 30. september og 1. oktober 2021
  • Samling 3: 4. og 5. november 2021

Eksamen: Desember

2021-kullet våren 2022 (emne 2 NAB802):

Undervisning kl. 09.00-16.00 hver dag.

  • Samling 1: 27. og 28. januar 2022
  • Samling 2: 23., 24. og 25. februar 2022
  • Samling 3: 31. mars og 1. april 2022

Eksamen: Mai/juni