Spesialpedagogikk i barnehagen

Etter- og vidareutdanning Hausten 2021

Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om barn med språklege og sosiale utfordringar? I dette studiet lærer du om språkvanskar og psykososiale vanskar, og om korleis du kan tilrettelegge for eit godt psykososialt og språkleg miljø i barnehagen. Vi har eit særleg fokus på inkludering og tidleg innsats.

Gjennom studiet lærer du om:

  • spesialpedagogiske perspektiv og lovverk
  • barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • psykososiale vanskar i barnehagealder
  • kartlegging og observasjon av enkeltbarn og barnehagens læringsmiljø

Arbeidskrava er knytt til utvikling av eigen praksis, fagtekst om språkvanskar og eit digitalt arbeidskrav om psykososiale vanskar.

Timeplan

Studiet er delvis samlings- og nettbasert. Det er to tre-dagars samlingar og fire nettsamlingar i kvart semester. Mellom samlingane arbeider du i ei nettbaserte studiegruppe og med sjølvstudium.

Samlingsdatoer i Sogndal:

  • 30.08–1.09.21
  • 22.11–24.11.21
  • 10.01–12.01.22
  • 25.04–27.04.21

8 digitale samlinger mandag kl 14-16:

  • 27. september
  • 18. oktober
  • 1. november
  • 29. november
  • 24. januar
  • 7. februar
  • 14. mars
  • 4. april