Lærerspesialistutdanning i kroppsøving, 8.-13. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2021

Denne deltidsvidareutdanninga er eit samlingsbasert og nettbasert studium på masternivå.

Lærarspesialisten er ein ny karriereveg i skulen som skal gi dyktige lærarar moglegheiter til fagleg og profesjonell vidareutvikling med eigen skule som utgangspunkt.

Lærarspesialistutdanning i kroppsøving på 8.-13. trinn går over fire semester. Studiet er bli organisert som samlings- og nettbasert studium 60 stp., med fire emne på kvar 15 stp., over fire semester. Det vil primært vere høve for lærarar som underviser på 8.-13. trinn som har relevante 60 stp., i kroppsøving/idrett. Studiet utdannar og kvalifiserer til funksjonen lærarspesialist i kroppsøving i grunnskule og vidaregåandeskule.

Du lærer å:

  • inngå i eit samarbeid med kollegaer i eit profesjonsfellesskap for å bevisstgjere og vidareutvikle profesjonsfeltet, og nytte kunnskap og sentral teori for å gjennomføre empiriske undersøkingar
  • bidra til forskingsbasert utvikling knytt til kroppsøving i samarbeid med kollegaer
  • kunne utvikle og formidle fagdidaktiske problemstillingar med forskarar, kollegaer og ålmenta
  • kunne kommunisere resultat frå empiriske undersøkingar frå forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving 8.-13. trinn
  • gjennomføre læreplananalysar og kunne vere ein pådrivar ved implementering av læreplanar og profesjonsutvikling med fagfornying og djupnelæring

Dette er eit samlingsbasert studium, med 2-3 samlingar pr semester med nettsamlingar á 2 timar mellom samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. Undervisingsstadane kjem til å variere/alternere mellom Sogndal, Bergen og Stord, mest i Sogndal.

Det er fire-seks arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i forskingsbasert utvikling av eigen praksis, fordjuping i fag og fagdidaktikk, skule og profesjonsutvikling, vegleiing og minst eitt av desse skal handle om lærarspesialistrolla. Studiegruppe- og kollegarespons står sentralt.