Dramapedagogikk og anvendt teater

Master Hausten 2021

Vil du jobbe med drama og teater i skulen, kulturskulen, innan helse, integrering eller anna sosialt arbeid? Då er dette eit aktuelt masterstudium for deg!

Dette er eit kunstpedagogisk studium som bygger på tidlegare utdanning og erfaring i drama og teater. Studiet er forskingsbasert, og krev at du har interesse og evne til å reflektere teoretisk. Gjennom utdanninga utforskar du særtrekka i fagområdet frå teori til framføring.

Du tileignar deg kunnskap om:

  • Dramapedagogikk og teaterteori
  • Prosjektleiing /anvendt teaterprosjekt
  • Vitskapsteori, forskingsmetode og akademisk skriving
  • Kunstnarisk utviklingsarbeid

I tillegg skriv du masteroppgåve. Du kan velje mellom to variantar: Ei avhandling som monografi eller ei avhandling med dramapedagogisk- eller anvendt teaterproduksjon som praktisk komponent.

Som masterstudent kan det vere høve til å delta i forskingsprosjekt med forskarar frå HVL og andre institusjonar.

Praksis

Studiet inneheld praksis.

Vil du studere meir?

Fullført studium kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudiet Studium i danning og didaktiske praksisar, der fagfeltet drama/teater er ei fordjupingsmoglegheit.

Utveksling

HVL har fleire utanlandske samarbeidspartnarar, både i og utanfor Europa. Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i vårsemesteret i 1. studieår.

Utveksling med Shanghai Theatre Academy kan skje i første semester 2. studieår, enten som feltarbeid for eiget prosjekt, eller i prosjektsamarbeid med andre studentar.

Kor kan du reise?