Kunnskapsbasert praksis

Master Hausten 2021

Ønsker du å bidra til kvalitetsforbetring i helse- og sosialtenestene? Med master i kunnskapsbasert praksis lærer du å anvende forsking for fremme fagutvikling.

I dette studiet lærer du å identifisere relevante spørsmål og å søke ny kunnskap innan ditt fagområde. Slik kan du bidra til endringsprosessar i praksis og vidareutvikling av fagfeltet ditt. Du lærer også å evaluere gjeldande praksis.

Masterstudiet består av tre studieretningar, som gjer at du kan ta ein mastergrad innan ditt eige fagområde:

  • Helsefag
  • Ergoterapi
  • Radiografi

Gjennom fellesemne lærar du å søke etter og kritisk vurdere forsking. I tillegg lærer du å ta i bruk forskingsbasert kunnskap, og å kartlegge og endre praksis. I dei fagspesifikke emna får du fagleg fordjuping innan ditt felt.

Undervisninga er i hovudsak nettbasert. Den består av forelesningar seminarer og webinarer, gruppearbeid, rettleiing på skriftleg arbeid og framlegg, og sjølvstudium. Studieretninga for radiografi har også laboratorieøvingar og simulering.

Læringsplattformen Canvas blir brukt for kommunikasjon mellom lærare og studentar.

Vil du studere meir?

Fullført mastergrad kvalifiserer deg for opptak på ph.d.-studiar.

Utveksling

Du kan søke om eit studieopphald ved Syddansk Universitet i Danmark på 3-5 månadar.

Kor kan du reise?