Marinteknikk

Bachelor Hausten 2021

Marinteknikkingeniørens fremste oppgåve er å gjere berekningar for å kunne designe nye skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem på ein sikker måte.

Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, plattformer og oppdrettsanlegg. Her har marinteknikkingeniørane historisk vore involvert i hydrodynamisk design og konstruksjon, samt utvikling av sikre installasjonsmetodar i vanskelege verforhold.

Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft er avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havet på ein miljøvenleg måte. Der skal marinteknikkingeniøren bidra med utvikling av nye installasjonsmetodar, men også bruke kjent kunnskap innan konstruksjon, hydrodynamikk og forankring frå skip og plattformer.  

Utdanninga har god kontakt med industrien i regionen. Mellom anna får du gjere oppgåver i samarbeid med bedrifter.

Vil du studere meir?

Dersom du ikkje vil søke arbeid direkte, fortset mange av våre studentar på marintekniske masterstudium, hovedsakleg ved marin teknikk på NTNU. Utanlands er det ofte University of Strathclyde som lokkar med fleire relevante masterstudium.

Det er også mogleg med masterstudium i havteknologi - marine installasjonar ved UiB, der HVL og UiB samarbeider i stor grad. I Haugesund tilbyr HVL saman med Leer i Tyskland også master i maritime operasjonar.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Storbritannia og Australia.

Kor kan du reise?

Sjå glimt frå utdanninga!