
Rektorutdanning - utdanningsleiing
Etter- og vidareutdanning Hausten 2021
Jobbar du som skuleleiar eller er i leiarposisjon i grunnskule eller vidaregåande opplæring? Rektorutdanninga er eit tilbod til deg som ønskjer å utvikle deg som skuleleiar og vere med på å forme framtidas skule.
Utdanninga er bygd rundt dei fem hovudemna i det nasjonale rammeverket:
- Elevane sitt læringsmiljø
- Profesjonsfellesskap og samarbeid
- Styring og administrasjon
- Utvikling og endring
- Leiarrolla
Utviklingsarbeid, endring og leiarrolla er gjennomgangstema i utdanninga.
Vidareutdanninga er ein del av den nasjonale rektorutdanninga i regi av Utdanningsdirektoratet. Rektorutdanninga er eit samarbeid mellom HVL, NLA og KS-Konsulent, og er på masternivå. Studiet er tilrettelagt slik at du kan kombinere studiet med full jobb.
Studiet er samlingsbasert, med 7 samlingar á 2 eller 3 dagar over 1,5 år. Samlingane vil bli lagt til Ålesund i Møre og Romsdal.
Undervisninga på samlingane føregår som ein kombinasjon av forelesingar, diskusjonar, erfaringsdeling og arbeid i par- og basisgrupper, ferdigheitstrening og gruppecoaching. Med utgangspunkt i relevant teori, forsking og litteratur skal deltakarane arbeide med eigne og medstudentane sine praksiserfaringar, saman med rettleiar i læringsgrupper.
Mellom samlingane skal deltakarane arbeide med litteraturstudie, produksjon av individuelle skriftlege tekstar og utprøving av ulike leiingsaktivitetar med mål om praksisendring i skulen/eigen verksemd. Deltakarane skal i tillegg gjennomføre eit større utviklingsarbeid som skal dokumenterast i ein tekst som utgjer eksamen i studiet.
Vil du studere meir?
Rektorutdanninga kan innpassast i det nyoppretta studiet Master i praktisk utdanningsvitenskap ved HVL, eller i masterstudiet i organisasjon og leiing ved HVL.
Rektorutdanninga kan også innpassast i masterutdanninga Pedagogikk med vekt på pedagogisk ledelse ved NLA Høgskolen.
Timeplan
Plan for samlingar for 2021-kullet:
- Haust 2021: 27.-29. september og 10.-12. november
- Vår 2022: 20.-21. januar og 10.-11. mars og 21.-22. april
- Haust 2022: 28.-30. september og 21.-23. november
- Eksamensinnlevering: 16. desember 2022
Med attarhald om endringar på grunn av smittevernstiltak. Studentane vil få bekrefta tidspunkt før oppstart.