Pleie og behandling av ikkje-helande sår
Etter- og vidareutdanning Hausten 2021
I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie- og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskaplege grunnlaget for faget har og hatt ei rivande utvikling i denne perioden. Det trengst personell med spesialkompetanse innan sårhandsaming på alle nivå av helsetenesta.
Det er ei for det meste nettbasert deltidsutdanning over to semester. Utdanninga består av to emne á 15 studiepoeng, som begge vert avslutta med eksamen.
Fyrste semester:
- Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
- Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
- Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
Andre semester:
- Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
- Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
- Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom
Kvart emne er delt inn i to tema, og kvart tema startar med ei samling på fire dagar. Her vil fleire av dei leiande ekspertane i landet førelese om utvalde emne relatert til dei aktuelle temaa.
Mellom modulane vil kommunikasjon, rettleiing og innlevering gå føre seg ved hjelp av internettbaserte hjelpemiddel.
Undervisningsmåtar
Arbeidskrav :
Ei skriftleg oppgåve i kvart emne.
Deltaking i diskusjonsgrupper på Canvas
75% oppmøte på førelesingane.
Eksamen:
Avsluttande oppgåve i kvart emne.
Organisering:
Samlingsbasert og nettbasert.
2 x 4 dagar i haustsemesteret.
2 x 4 dagar i vårsemesteret.
Alle samlingar i Haugesund
Alle samlingane er frå og med mandag til og med torsdag.
Timeplan
Samlingar haust 2020 og vår 2021:
- Veke 37 (7. – 10. september).
- Veke 22 (26.-29. oktober)
- Veke 2 (11. – 14. januar)
- Veke 10 (8. – 11. mars)