Norsk som andrespråk i vaksenopplæringa

Etter- og vidareutdanning Hausten 2021

Dei vaksne minoritetsspråklege som kjem til Noreg er ei samansett gruppe. Ein del har hatt lite skulegang og har knappe lese- og skriveerfaringar frå heimlandet, mens mange har langvarig skulegang og utstrakte lese- og skriveerfaringar frå før.

Studiet rettar seg mot lærarar som underviser minoritetsspråklege deltakarar i norskopplæringa i Noreg. Dette studiet tar sikte på styrke lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse overfor denne målgruppa.

Studiet skal gi lærarar ei auka innsikt i vaksenpedagogiske problemstillingar, ein auka kompetanse i å utvikle elevane sine norskferdigheiter, ei styrka evne til å legge til rette for god lese- og skriveutvikling og ferdigheiter i å støtte tileigninga av kunnskap på andrespråket.

Vidareutdanninga består av to emne som byggjer på kvarandre, og du må ta haustemnet før du kan ta emnet som går om våren.

Studiet er særleg aktuelt etter at det i 2021 vart innført ny integreringslov med nye kompetansekrav til lærarar.

Stipendordning
Lærarar som underviser i norsk etter introduksjonsloven kan søke stipend for å ta denne videreutdanninga. Stipendordninga er forvalta av Kompetanse Norge. Du søker sjølv om opptak til studiet ved høgskulen uavhengig av stipendsøknaden.

Timeplan

Hausten 2021:

  • 1. samling: 30.8., 31.8. og 1. september
  • 2. samling: 18., 19. og 20. oktober
  • 3. samling: 25. og 26. november

Våren 2022:

  • 1. samling: 13. og 14. januar
  • 2. samling: 14., 15. og 16. mars
  • 3. samling: 27. og 28. april