Ansvarleg søkar og plankonsulent

Etter- og vidareutdanning Våren 2021

Kvart år sender norske kommunar mange byggesaker i retur fordi søknadane er for dårlege. Nokre saker kjem ikkje ein gong til behandling før dei er sendt inn både to og tre gongar. Halvparten av plansakene blir møtt med innvendingar, mange fordi dei er mangelfulle. Søknadsprosessane og regelverket er komplekst og det er behov for kompetanse både blant ansvarlege søkjarar og blant sakshandsamarane.

Vil du gjere det du kan for å få dine saker raskare gjennom? Vil du lukkast med søknaden eller planforslaget ditt? Vil du bidra til effektiv sakshandsaming i kommunen du er tilsett i eller bur i? Då er dette studiet noko for deg.

Studiet er eit praktisk orientert studium for ansvarleg søkjar og plankonsulent etter Plan- og bygningslova. Hovudvekta vil bli lagt på krava som blir stilt til ansvarleg søkar/plankonsulent og at deltakarane skal tileigne seg praktiske ferdigheiter og forståing for samhandlinga mellom aktørane.

Bestått kurs saman med anna nødvendig kompetanse, gir godkjenning som ansvarleg søkar i byggesaker. Vidare gir kurset saman med anna kompetanse grunnlag for å opptre som fagkyndig/plankonsulent i plansaker.

Timeplan

1. samling: 22.-23. april ( i samarbeid med Tekna)
2. samling: 23.-24. september i Bergen, campus Kronstad - med mogelgheit for digital deltaking
3. samling: 25.-26. november i Bergen, campus Kronstad - med mogelgheit for digital deltaking

Eksamen: Desember 2021