Didaktiske praksisar

Master Våren 2021

Er du lærar og ønskjer å styrke fagkompetansen din med ein master? Som lærar har du eit av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Det er ein krevande og givande jobb med mange komplekse utfordringar.

Med det nyoppretta studietilbodet master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.

Studiet er tilrettelagt for lærarar i arbeid, og kan studerast på deltid eller heiltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane i HVL i løpet av studieprogrammet.

Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Du kan velje spesialisering i eit av skulefaga matematikk, samfunnsfag, KRLE, mat og helse eller kroppsøving.

Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.

Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving.

Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

Vil du studere meir?

Studiet kvalifiserer til opptak til doktorgradsutdanningar.

Samlingar våren 2021

Studieretning samfunnsfag og KRLE:

  • 10.–12. februar i Bergen
  • 14.–16. april i Bergen

Studieretning matematikk:

  • 28.–29. januar i Bergen
  • 11.–12. mars i Bergen
  • 22.–23. april i Sogndal
  • Nettmøte torsdagar kl. 13.30–15.30

Studieretning kroppsøving og mat og helse:

  • Veke 4 i Sogndal
  • Veke 12 i Bergen
  • Veke 16 i Sogndal

Med atterhald om endringar.