Suppleringsopptak til Avansert klinisk sjukepleie

Studieprogrammet er eit svar på nokre av dei endringane samhandlingsreformen har til følgje for kommunehelsetenestas møte med de sjukaste eldre. Studiet er bygd opp rundt relevante og praksisnære pasienthistoriar fra kommunehelsetenesta. Oppøving av informasjonskompetanse i helsetenester til eldre vil bli vektlagt.

Emnet ELDHELS2006 Eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar II byggjer på ELDHELS1006, og vektlegg utvikling av kompetanse i klinisk vurdering av pasienten, polyfarmasi og uheldig legemiddelbruk i tillegg til kunnskapsbasert praksis.

Målgruppe

Sjukepleiarar som har ansvar for avansert klinisk sjukepleie for eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar innann pleie- og omsorgssektoren.

Undervisningsmåtar

Arbeids og undervisningsformer

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutanbasert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Studentane blir delt inn i læringsgrupper som jobbar med tre pasientcase.

Rettleiing og ulike læringsressursar vil vera tilgjengelig for gruppene.

Organisering

Deltidsutdanning med samlingar på kampus Haugesund. 3 veker pr. semester.

Planlagde samlingar for våren 2019 er veke 4, 8 og 13.
Vi måtte endre oppstart fra uke 3 til uke 4 på grunn av hovedforeleser i samlingen.

 

Arbeidskrav

Ja. Spesifiseres i semesterplan ved studiestart.

Eksamen

Mappevurdering.