Hopp til innhald

Studieplan - Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium

Hausten 2023

Sentrale sosiologiske tema blir formidla gjennom studiar av institusjonar som er viktige for ungdom, og kulturelle trekk ved ungdomsfasen. Ein nyttar faglitteratur som gir eit teoretisk og empirisk grunnlag for ungdomssosiologiske studiar. Studiet presenterer sentrale sosiologiske perspektiv frå klassiske teoritradisjonar til nyare sosiologisk teori og gir innsikt i det vitskaplege grunnlaget for faget.

Dei sosiologiske perspektiva blir utdjupa gjennom døme på konkrete studiar av ungdom. Ein kan forstå ungdomstida som ein livsfase der kvalifisering til vaksenroller er den sentrale livsoppgåva. Denne oppgåva må løysast i samspel med omgjevnader som er prega av auka kompleksitet og raske endringar i dei unge sine sosiale, kulturelle, økonomiske og materielle livsvilkår. Studiar av endringsprosessar som modernisering og globalisering har derfor ein sentral plass.

Spesiell merksemd blir retta mot marginaliseringsprosessar som oppstår gjennom eit auka normpress, hardare konkurranse og endringar i måten samfunnet forstår og handterer utanforskap.

Målgruppa er studentar med interesse for samfunnet generelt og for ungdomskultur og sosiale problem knytt til ungdom som livsfase spesielt. Utdanninga gjev ei klarare yrkesretting enn eit tradisjonelt sosiologifagleg bachelorprogram. Utdanninga gir grunnlag til å gå vidare på masterutdanning i sosiologi.

Studiet er relevant for arbeid i både offentleg og privat sektor. Delar av studiet er også relevant vidareutdanning for sosialarbeidarar, lærarar og andre yrkesgrupper.

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Har kandidaten brei kunnskap om sosiologiske omgrep om sosiale mønster, relasjonar og prosessar
  • Har kandidaten kunnskap om kva rolle «ungdom» som omgrep og gruppe har hatt i analysar av samfunnsendring
  • Har kandidaten brei kunnskap om metodar i sosiologisk forsking
  • Kjenner kandidaten til grunngjevingar for at faget nyttar ulike metodar, og kva grunnlag metodane legg for kunnskapsdanninga
  • Har kandidaten kunnskap om kva for plass sosiologifaget har hatt i samfunnet, korleis det utviklar seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi faget har i dag

Ferdigheiter

  • Kan kandidaten finne, vurdere og vise til sosiologiske og ungdomssosiologiske studiar i akademiske arbeid
  • Kan kandidaten nytte enklare variantar av forskingsmetodar i sosiologisk analyse
  • Kan kandidaten gi døme på korleis sosiologien har tematisert og omgrepsfesta samfunnsendring i historia og samtida
  • Kan kandidaten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologifagleg ståstad
  • Kan kandidaten samanfatte og utføre grunnleggjande vurderingar av samfunnsvitskaplege forskingsresultat
  • Kan kandidaten nytte kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå studiet i ein fagleg relevant yrkespraksis

Generell kompetanse

  • Har kandidaten innsikt i etiske verknader av sosiologisk forsking og kunnskapsspreiing
  • Kan kandidaten planleggje og gjennomføre sjølvstendige faglege bidrag i samarbeid med andre i arbeidsliv eller vidare studium
  • Har kandidaten innsikt i korleis gjevne tids- og kostnadsrammer verkar inn på arbeidsprosessar
  • Kan kandidaten formidle sentralt fagstoff gjennom å skrive sakleg og etterretteleg

Innhald

Studiet går over tre år. Det første året tek studenten emnet Danning og akademisk handverk, fire disiplinemne i sosiologi (Innføring i ungdomssosiologi, Klassiske sosiologiske perspektiv, Nyare sosiologiske perspektiv, Frå ung til vaksen), samt Sosiologisk forskingsmetode. Det andre året tek studenten tre obligatoriske emne (Den sosiale kroppen, Kultur, identitet og globale kriser og Barndommens og ungdommens historie) på hausten og tre «tilrådde» emne (Politiske institusjonar, Globaliseringa av verdspolitikken og Kapitalisme og makt) på våren. På våren kan dei velje andre emne ved HVL, andre høgskular og universitet i Noreg eller i utlandet. Tredje året tek studenten fire obligatoriske emne (Arbeidslivssosiologi med metode, Arbeidslivsretta sosiologi, Ungdom og ulikskap og Bacheloroppgåve). Studentar som tek delar av fjerde semester ved andre institusjonar bør be om førehandsgodkjenning frå HVL.

Praksis

Studiet inneber inntil sju veker obligatorisk praksis i emnet Arbeidslivsretta sosiologi (20 stp).

I praksisperioden får studenten høve til å bruke og utvikle den faglege kunnskapen sin på ein relevant arbeidsplass. Gjennom praktiske oppgåver, samarbeid og rettleiing skal studenten erfare korleis det er å arbeide i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidige yrkesrolle. Her vil føremålet vere trening i relevant yrkesutøving. Praksisen kan også nyttast som grunnlag og idéutvikling for sosiologiske problemstillingar knytt til arbeidslivet, og som studenten kan følgje opp i seinare studiar eller arbeid.

Arbeidsformer

Førelesingar, seminarundervisning, munnleg presentasjon, skriftlege arbeid, arbeidslivspraksis og sjølvstudium. Det blir forventa at studentane deltar aktivt i alle undervisningsformer.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg skuleeksamen, individuell oppgåve med rettleiing, heimeeksamen og munnleg eksamen (sjå under kvar emneomtale). Om ikkje anna er oppgitt blir det gitt bokstavkarakter på emnet; A - F, der F er ikkje greidd.

Internasjonalisering

Studentar som følgjer det ordinære bachelorløpet i sosiologi kan ta eitt eller begge semester andre året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.

Organisering

1. semester (obligatoriske emne)

SO110 Danning og akademisk handverk – sosiologi (10 stp)

SA595 Innføring i ungdomssosiologi (10 stp)

SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 stp)

2. semester (obligatoriske emne)

SO104 Moderne sosiologiske perspektiv (10 stp)

SA593 Frå ung til vaksen (10 stp)

SA588 Sosiologisk forskingsmetode (10 stp)

3. semester (obligatoriske emne)

SA571 Den sosiale kroppen (10 stp)

SA206 Kultur, identitet og globale kriser (10 stp)

SA572 Barndommens og ungdommens historie (10 stp)

4.semester (tilrådde emne)

SA589 Politiske institusjonar (10 stp)

SA590 Globaliseringa av verdspolitikken (10 stp)

SO202 Kapitalisme og makt (10 stp)

5.semester (obligatoriske emne)

SA592 Arbeidssosiologi med metode (10 stp)

SA591 Arbeidslivsretta sosiologi (20 stp)

6.semester (obligatoriske emne)

SA584 Ungdom og ulikskap (15 stp)

SO590 Bacheloroppgåve (15 stp)