Kontakt mellom robothand og menneskehand (illustrasjon)

Automatisering med robotikk | Haugesund

Bachelor

Vil du vere med å utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida? Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør.

Kvifor studere automatisering med robotikk?

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar i å bygge oppunder dette arbeidet.

Dekker du ikkje opptakskravet?

Viss du har fagbrev, kan du ta den yrkesfaglege vegen (eller y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni. Les meir om y-vegen. 

Viss du har generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk så kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES. 

Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!

Studere automatisering i Haugesund? 

Automatisering med robotikk kan du studere på heiltid i Bergen, Førde eller Haugesund.

Haugesund er ein liten by med mange storbykvalitetar. Høgskulen sine lokale ligg midt i sentrum. Her er det lagt godt til rette for å jobbe saman med medstudentar og ikkje minst fagmiljøet vårt.

Studentjobb i Haugesund 

Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar. 

Studentjobb Haugesund

Ulike typar elektroingeniør

Automatisering med robotikk er ein av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velgje om du vil bli elektroingeniør:

Korleis er undervisninga?

Vanlege arbeidsformer er førelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid. Du tileignar deg kunnskap både i klasse, gjennom gruppearbeid og sjølvstudium.

Laboratorieoppgåvene kan omfatte målingar på komponentnivå og på systemnivå. Vi gjer nytte av simuleringar saman med praktisk styring og regulering av fysiske prosessar. Førelesningane føregår i all hovudsak på campus, men vil også supplerast med nettbasert innhald der det styrker læringa.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA, Canada og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i automatisering med robotikk kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like