Automatisering med robotikk | nett- og samlingsbasert

Bachelor

Har du tatt 2-årig fagskule innan automatisering og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning kombinert med jobb? Då er dette utdanninga for deg!

Dette studiet gir vanlegvis 60 studiepoeng fritak basert på gjennomførte emne frå relevant studieretning på fagskulen. Studiet går då over 3 år, der du tar 20 studiepoeng per semester.

Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar utanfor Bergen. Det er tilrettelagt for at studentar frå heile landet kan følgje utdanninga.

Ein automatiseringsingeniør utviklar løysingar som gjer kvardagen meir effektiv, enkel og trygg. I dette yrket kan du utvikle ny, spennande og berekraftig teknologi som formar framtida.

Har du tenkt på korleis ein koffert blir transportert automatisk frå du legg den på rullebandet på flyplassen, til den hamnar i lasterommet på flyet? Eller korleis ein utviklar robotar som forenklar kvardagen til folk og fornyar arbeidslivet? Du har kanskje høyrt om autonome fartøy, og er nysgjerrig på korleis slike ting blir laga?

Som det ligg i namnet, handlar dette fagfeltet om å gjere prosessar og system automatiske. Automatisering er eit framtidsretta fag. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet og i ulike delar av næringslivet.

Effektive prosessar gir mindre sløsing og mindre forureining, noko som er ein føresetnad for å nå FNs berekraftsmål. Automatiseringsingeniøren er ein viktig bidragsytar i å bygge oppunder dette arbeidet.

Undervisningsmåtar

Studiet vil vere samlingsbasert med nettundervisning mellom samlingane. I løpet av eit semester vil det vere inntil fire samlingar. Ei vanleg samling vil vere på maksimalt tre dagar, og samlingane vil i dei fleste tilfella finne stad på ein av campusane våre.

Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet ut over organisert undervisning.

I emne som er felles for i elkraftteknikk og automatisering med robotikk, vil klassane ha felles opplegg for undervisning. Nokre eksamenar vil kunne bli arrangert på campus. Emna i studieplanen er lik emna i ordinært studieløp.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Vil du studere meir?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits (CERN), Spania, USA og New Zealand. Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av desse institusjonane.