Blide ingeniørstudentar jobbar med robotløysingar (foto)

Automatisering med robotikk (inkludert Y-veg)

Bachelor

Har du lyst til å gjere produkt og prosessar raskare, grønare, enklare og tryggare? Utvikling, drift og optimalisering av alt som skjer automatisk er kvardagen til ein automatiseringsingeniør.

Automatisering med robotikk kan du studere i Bergen, Haugesund eller Førde. 

Har du fagbrev?

Viss du har fagbrev, men manglar generell studiekompetanse, kan du ta automatisering gjennom Y-vegen, ei forkorting for "yrkesfagleg veg". Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs i juni.

Har du fagskuleutdanning?

Viss du har tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning kombinert med jobb, kan du ta eit fleksibelt nett- og samlingsbasert studium ved HVL over 3 år. 

Viss du vil gå på det ordinære studietilbudet på campus, kan du få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du  utdanninga over 2 år. 

Oppdag meir om din framtidige studiestad

Campus Bergen er moderne og har godt utstyrte laboratorium kor du får prøvd ut teoriane i praksis. Automatiseringsmiljøet i Bergen er dessutan perfekt plassert, kor fagmiljøet nyt godt av nærleiken til maritim og landbasert næring, offentlege institusjonar og forskingsmiljø.

På Campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver, deltidsjobbar og sommarjobbar.

Campus Haugesund ligg i ein liten by med mange storbykvalitetar. Høgskulen sine lokale ligg midt i sentrum. Her er det lagt godt til rette for å jobbe saman med medstudentar og ikkje minst fagmiljøet vårt.