Studieplan - Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn

Kull hausten 2013

Grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn er ei fireårig heilskapleg profesjonsutdanning. Ho byggjer på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn fastsett av Kunnskapsdepartementet 12. februar 2010 og Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn, fastsett av Kunnskapsdepartementet 1. mars 2010.

Utdanninga inkluderer ei bachelorutdanning som kan inngå i ei femårig lærarutdanning med master ved Høgskolen i Bergen. For 5.-10. trinn tilbyr Høgskolen i Bergen vanleg grunnskolelærarutdanning og grunnskolelærarutdanning med musikk (musikklinje).

Grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn kvalifiserer for undervisning på 5.-10. trinn i grunnskolen.
Utdanninga er yrkesretta og praksisbasert. Ho tek utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt, prinsippa i opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskolen. Gjennom studiet skal studenten skaffe seg fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap og innsikt gjennom undervisning og anna studiearbeid på høgskolen, bruke grunnskolen som læringsarena i praksisopplæringa, og i sitt eige refleksjonsarbeid byggje sin eigen lærarkompetanse.

Fagstudia, praksisopplæringa og studenten sine refleksjonar skal danne ein heilskap og rettast mot dei oppgåvene studenten seinare vil møte i sitt daglege arbeid som lærar, og skal fremje personleg danning hos studentane.

Praksis

Årsplan for praksis vil vise når i studieåret praksisperiodane er lagde. Studentane er knytte til klassar, og kvar klasse vil bli delt inn i praksisgrupper som blir plasserte på partnarskolar i Bergen eller eventuelt kommunane rundt Bergen. Dei skolane som er knytte til ei klasse på høgskolen, er inviterte til å opprette interne partnarskap seg imellom.
Praksisopplæringa er også omtalt i ein eigen plan for praksisopplæring, og i planane for enkeltfaga.

Høgskolen i Bergen har etablert ein funksjon som profesjonsrettleiar som blir fylt av ein fagtilsett ved høgskolen, og som har som hovudansvarsområde å syte for at plan for praksisopplæring blir sett ut i livet.

Omfanget av praksisopplæringa ved Høgskolen i Bergen er 100 dagar i grunnskolen. 60 dagar av desse er lagt til dei to første studieåra, og 40 dagar til dei to siste studieåra.

Oversikt - praksis fordelt på semester:

1.år
Haust: 15 dagar
Vår: 15 dagar

2.år
Haust: 15 dagar
Vår: 15 dagar

3.år
Haust: 10 dagar
Vår: 15 dagar

4.år
Haust: ingen praksis (unntak for fag som blir avslutta haustsemesteret)
Vår: 15 dagar.  

Forprøve i målformer

I Forskrift om rammeplan for Grunnskolelærerutdanningen blir det krevd at kandidaten "mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng". Ved HiB er det innført ein forprøve som skal vise at alle studentar på GLU5-10 har tilstrekkeleg god kompetanse i begge målformer. Studentar må ha greidd denne forprøven for å få vitnemål på fullført grunnskolelærerutdanning. Studentane blir invitert til å ta forprøven på bestemte tidspunkt, men det vil også vera mogeleg å ta prøven på andre tidspunkt og studentar kan ta prøven fleire gonger. Kravet om forprøve gjeld ikkje studentar som har norsk 60 sp i utdanninga og studentar som har blitt fritatt for sidemål i vidaregåande opplæring..

Arbeidsformer

I undervisninga blir det brukt ein stor variasjon av arbeidsformer, som forelesing, skrive- / rekne- / summe- / øvingsøkter, demonstrasjonar, innsamling / bearbeiding av materiale, oppgåveskriving, øvingar, seminar, studentpresentasjonar individuelt eller gruppe, framvisingar, kommentar til andre studentars oppgåver i gruppe eller på nett, diskusjonar, grupperettleiing, gruppearbeid, individuell rettleiing. Desse arbeidsformene finn rom innanfor slike rammer:

-Timeplanlagt ordinær undervisning
-Kollokviegrupper: Alle studentane i grunnskolelærarutdanninga er organiserte i timeplanlagte kollokviegrupper
-Praksisopplæring, som er obligatorisk
-Ekskursjonar / forflytta undervisning

Høgskolen legg vekt på utvikling av studentaktive arbeidsformer, og ønskjer at studentane engasjerer seg og er medskaparar av profesjonskunnskap, at dei er med på å utvikle studieprogrammet gjennom diskusjonar og evalueringar.

Vurderingsformer

Som ein del av profesjonsutdanninga skal studentane utvikle vurderingskompetanse, og dei vurderingsformene dei sjølv møter er ein del av grunnlaget for ein slik kompetanse. Derfor skal dei møte varierte vurderingsordningar, med vurdering undervegs som læringsstøttande grep, og vurderingsformer slik dei blir praktiserte i skolen.
Vurderingsordningane ved Høgskolen i Bergen inneheld vurdering av obligatorisk arbeid, forprøver o. l. som studentane må ha fullført med tilfredsstillande resultat for å kunne framstille seg til eksamen. Denne typen arbeid vert til vanleg vurderte av lærarane i faget.
Vurderingsordningane omfattar også ulike former for eksamen som gir grunnlag for avsluttande karakter i studieeiningane. I nokre tilfelle blir vurderinga gjort berre av intern sensor / sensorar. I andre tilfelle blir vurderinga gjort av to sensorar der minst ein av dei skal vere ekstern.

Karakterane vert fastsette slik:
1. Bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter.
2. Karakterane Bestått / Ikkje bestått.

Oversikt over kva bokstavkarakterane står for
A: framifrå
Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B: mykje god
Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

C: god
Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

D: nokså god
Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

E: tilstrekkeleg
Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

F: ikkje bestått
Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Vurdering av praksis
Praksis vert vurdert med karakterane Bestått / Ikkje bestått, og karakter vert gitt etter kvart studieår. Praksiskarakteren vert fastsett i eit samarbeid mellom praksislærar, profesjonsrettleiar og faglærarar.

Vurdering av om ein student er skikka som lærar.
I følgje universitets og høgskolelova, § 4-10, skal institusjonen vurdere om den enkelte studenten er skikka for læraryrket. Denne vurderinga er ei heilskapsvurdering som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som grunnskulelærar. Vurderinga skal gjerast gjennom heile studiet. Studentar som viser vanskar med å meistre læraryrket, må så tidleg som muleg i studiet få vite korleis dei står i forhold til krava om å vere skikka som lærar. Departementet fastset forskrift med kriterium og framgangsmåtar for vurdering av om ein student er skikka som lærar. Du kan lese meir om dette her: http://www.hib.no/avd_al/skikkethet/index.htm

Vitnemål, karakterutskrift
Vitnemål om grunnskulelærarutdanning omfattar alle studieeiningar som studenten har fullført, og er påført dei karakterane som er oppnådd. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan få karakterutskrift frå eksamensprotokollen som viser dei faga og emna dei har bestått.
Dersom studentane ikkje har fullført og bestått praksisopplæringa, skal dette påførast karakterutskrifta.

Fritak og innpassing
Det blir ikkje gitt fritak for emner/fag dei tre første åra i grunnskolelærarutdanningane (det er eigne reglar for overflytting mellom lærarutdanningsinstitusjonar) Bakgrunnen for dette er kravet om integrerte grunnskulelærarutdanningar med heilskap og samanheng mellom teori- og praksisstudiar, mellom fag og fagdidaktikk og mellom fag, samt kravet om trinninnretting av utdanninga (jf. Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn og Nasjonale retningslinjer for høvesvis grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn).

Fag i GLU1-7 kan ikkje erstatte fag i GLU5-10 (og motsett) dei tre første studieåra. Du vil ha høve til å innpasse fag i GLU frå andre utdanningar i ditt fjerde studieår med inntil 60 studiepoeng. Relevante fag for skulen og skulefag utan fagdidaktikk og/eller praksis kan innpassast med inntil 30 studiepoeng i fjerde studieår.

Du kan også få innpassa 30 eller 60 studiepoeng (i fjerde studieår) dersom du har eit relevant lærarutdanningsfag/skulefag med fagdidaktikk og trinninnretta praksis. Studentar som har tatt lærarutdanningsfag/skulefag (30 og 60 sp) ved HiB før innføringa av GLU-reforma, men som manglar trinninnretta praksis, kan i ei overgangsperiode fram t.o.m. 2016 få tilrettelagt praksis i ettertid.

Har du lærarutdanningsfag/skulefag frå andre lærarutdanningsinstitusjonar skal du først søke om å få organisert trinninnretta praksis ved din tidlegare lærestad. Dersom det ikkje er mogleg, kan du søke om å få tilrettelagt for praksis dersom studiet allereie inneheld minst ei veke relevant praksis. I slike tilfelle må du sjølv betale praksisutgiftene og aktivt arbeide for å opprette ein avtale med praksiskule/praksislærar i samarbeid med praksiskontoret på Avdeling for lærarutdanning (HiB).

Om fritak for forprøve i målformer, sjå under forprøve ovanfor.

Fritak skal førast på vitnemålet. Studentar som er fritatt frå kravet om begge målformer til eksamen, skal likevel følgje all undervisning i norsk.

Internasjonalisering

Studentar som ønskjer å ta ein del av utdanninga si i utlandet, skal først og fremst å bruke haustsemesteret 4. studieåret til det. Studentar som ikkje følgjer normal studieprogresjon, vil normalt ikkje få innvilga studieopphald i utlandet.

Organisering

Grunnskolelærarutdanninga er eit fireårig fulltidsstudium (240 studiepoeng). Omfanget av dei ulike faga er uttrykt i studiepoeng (sp). Studiepoeng er eit felles europeisk system (ECTS) som viser kor mykje studiearbeid som trengst for å nå målsettinga med eit studieprogram. Eitt studiepoeng er 27 studentarbeidstimar. Ei studieveke er på 40 studentarbeidstimar. Eit studieår for ein heiltidsstudent er på 60 studiepoeng, som tilsvarer 1600 arbeidstimar.

Grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn omfattar eitt obligatorisk fag, Pedagogikk og elevkunnskap, på 60 studiepoeng, og ein del som kan veljast på 180 studiepoeng. Utdanningsprogrammet omfattar normalt tre undervisningsfag, kvart på 60 studiepoeng. Eitt undervisningsfag i 4. studieår kan erstattast av eitt undervisningsfag og eitt skolerelevant fag kvart på 30 studiepoeng, eventuelt to undervisningsfag kvart på 30 studiepoeng. I haustsemesteret vil det også etter søknad vere høve til å studere ved studiestad i utlandet. Ved overgang til masterutdanning etter 3. studieår vil det første året i masterutdanninga erstatte fag i 4. studieåret i grunnskolelærarutdanninga.

Praksisopplæring er ein integrert del av faga med til saman 100 dagar i løpet av fire år.

Ved Høgskolen i Bergen er grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn bygd opp slik det går fram av følgjande oversikt:

1.studieår
Praksisopplæring
Pedagogikk og elevkunnskap, 15 sp.
Valfag 1, 15 sp., valt ved søknad om opptak
Valfag 2, 30 sp., valt før studiestart

2. studieår
Praksisopplæring
Pedagogikk og elevkunnskap, 15 sp.
Vidareføring av valfag 1, 15 sp.
Vidareføring av valfag 2, 30 sp.

3. studieår
Praksisopplæring
Pedagogikk og elevkunnskap med bacheloroppgåve, 30 sp.
Vidareføring av valfag 1, 30 sp.

4. studieår
Praksisopplæring
Eitt valfag på 60 sp, eventuelt to fag på 30 sp der det eine kan vere eit skolerelevant fag på 30 sp, eller første studieår i mastergrad.