Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.

Barnehagelærarstudiet gir deg kompetanse og erfaring til å arbeide med barn og medarbeidarar i ein organisasjon som er i kontinuerlig utvikling. Utdanninga gir deg kompetanse på korleis barn leiker, lærer og utvikler seg, som individ og i samspel med andre. Studiet gir deg også føresetnader for å leie pedagogisk arbeid og samarbeide med kollegaer, andre fagpersonar og barna sine føresette.

Ved Høgskulen på Vestlandet kan du bli barnehagelærar i Bergen, i Sogndal og på Stord. Alle studiestadane har også tilbod om utdanning på deltid.

Barnehagelærarutdanninga er organisert i fleire kunnskapsområde. Utdanningane er noko ulikt bygd opp på dei ulike campusane. I Bergen søker du opptak til eit spesifikt kunnskapsområde som du fordjupar deg særskilt i, men du lærer også om dei andre områda. I Sogndal og på Stord vel du fordjuping i løpet av studiet.

Les om barnehagelæraryrket på utdanning.no.