Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, elektronikk

Hausten 2022

Studieprogrammet skal utdanne ingeniørar med solid fagleg kompetanse for praktisk ingeniørarbeid, og med godt teoretisk grunnlag for vidare studie i inn- eller utland. Studiet skal utvikle gode haldningar og gi grunnlag for livslang læring. 

Bachelorstudiet i elektronikk følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18.mai 2018 . Elektronikk er ei studieretning under programområdet elektrofag.

Elektronikkingeniøren skal ha kunnskapar og ferdigheiter innanfor fagfeltet elektronikk, slik at vedkomande blir etterspurt som fagperson innan det regionale næringslivet. Elektronikkingeniøren skal kunne designe og forstå oppbygging og virkemåte til elektroniske system slik at vedkomande kan ta ansvar for vidareutvikling, ingeniørmessig drift og vedlikehald av slike system.

Studieprogrammets satsingsområde er elektronisk utstyr og system til bruk innan miljøovervaking, medisinsk utstyr, omsorgsteknologi og for oljerelatert verksemd landbasert og offshore.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i ingeniørfag - elkraftteknikk skal ha følgande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

  • Kandidaten har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innanfor elektrofaget.
  • Kandidaten har kunnskap som gir spesialisering innen analog og digital elektronikk.
    I den analoge delen inngår instrumentkonstruksjon, audioforsterkarar og analog kretskonstruksjon.
    Den digitale delen har fokus på systemkonstruksjon både i hardware og software.
  • Kandidaten har grunnleggande kunnskapar innan matematikk, naturvitskap - under det også elektromagnetisme - og relevante samfunns- og økonomiske fag og om korleis desse vert integrerte i elektrofagleg problemløysning.
  • Kandidaten kjenner til elektroteknologiens historie og utvikling og ingeniørens rolle i samfunnet.
    Kandidaten har kunnskap om samfunnsmessige, miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av elektrotekniske installasjonar og nettverksteknologiar.
  • Kandidaten kjenner til forskningsutfordringar, vitenskapeleg metodikk og arbeidsmåtar innan elektronikkfaget.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan bruke og bearbeide kunnskapen sin for å identifisere, formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske oppgåver på ein systematisk måte.
  • Kandidaten har kompetanse om digital verkty, kan arbeide i elektrolaboratorier og behersker aktuelle metoder og verkty innan analog og digital elektronikk, embedded SW og systemdesign.
  • Kandidaten beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevant utstyr, instrument og programvare for å kunne arbeide strukturert og målretta.
    Kandidaten kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt.
  • Kandidaten kan finne og forhalde seg kritisk til relevant informasjon, bruke og vise til fagstoff slik at det belyser ein problemstilling, både skriftleg og munnleg.
  • Kandidaten kan bidra med nytenkning, innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.
  • Kandidaten kan bidra med kvalitetssikring ved utvikling av produkt, system og løysingar, samt utarbeide og analysere helse-, miljø-, og sikkerheitstiltak for disse.

Generell kompetanse

  • Kandidaten er bevisst miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av teknologiske produkt og løysingar, og evnar å sjå desse både i eit lokalt og globalt livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan bidra i samfunnsdebatt for å synliggjere teknologiens betydning og konsekvensar i samfunnet.
  • Kandidaten kan formidle elektrofagleg informasjon knytt til teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Kandidaten har eit bevisst forhold til eigne kunnskapar og ferdigheiter og respekt for andre fagområde og fagpersonar.
  • Kandidaten kan bidra i tverrfaglig arbeid og kan tilpasse eigen fagleg verksemd til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan delta aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele kunnskapane sine og erfaringane sine med andre og bidra til utvikling av god praksis.
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin, både gjennom litteratursøk, kontakt med fagmiljø, brukarar, kundar og andre interessentar samt gjennom praksis.

Innhald

Sentrale tema i studieprogrammet er:
- Grunnleggande elektrofag
- Analog og digital elektronikk
- Digital hardware design med VHDL og FPGA
- Mikrokontrollar og innebygde system
- Programmering i C++ og C#
- Analog og digital signalbehandling
- System design

Opptak til 2-årig siv.ing. masterprogram
For å vere kvalifisert for opptak til 2-årig masterprogram som gir sidetittelen sivilingeniør, er det gitt eit meir omfattande krav til samansettinga av bachelorutdanninga enn krava i rammeplan for ingeniørutdanning. Krava er gitt i Nasjonale retningslinjer for ingeniørutdanninga og bachelorgraden må innehalde:
• minst 25 SP i matematikk
• minst 5 SP i statistikk
• minst 7,5 SP i fysikk

Studentar som ønskjer å oppfylle opptakskrava, må velje nokre spesifikke valemne.

Krava vert oppfylt på følgjande måte:

Matematikk
To obligatoriske emne MAT110 Matematikk 1 og MAT202 Matematikk 2, samt valemnet MAT301 Fleirdimensjonal analyse (matematikk 3)

Statistikk
Eitt obligatorisk emne ELE161 Statistikk og måleteknikk

Fysikk
Eitt valemne ING271 Bølgefysikk og termodynamikk, for å oppfylle kravet om klassisk fysikk. Fysikk inngår i tillegg i mange av dei tekniske emna i bachelorutdanninga.

Arbeidsformer

Teoriundervisning skjer stort sett klassevis.
I tillegg til teoriførelesningar, har dei fleste faga innslag av rekneøvingar, simuleringar og laboratoriearbeid.
Emna har obligatoriske arbeidskrav.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking på laboratorieøvingane.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Vurderingsformer

Det vert nytta karakterar etter ein skala frå A til F, der A er beste karakter. Det vert krevd E eller betre for at emnet skal vere stått. Nokre fag har karakter stått/ikkje stått.
Vurderinga kan vere munnleg, munnleg/praktisk eller skriftleg og kan kombinerast med semesteroppgåver.

Krav til studieprogresjon

Det er gitt betingelsar for å få starte på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emnebeskrivinga for bacheloroppgåva.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk og  læringsmateriellet vil i stor grad vere på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er lagt til rette for å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter. 

Organisering

Utdanninga er treårig og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla utgjer 30 studiepoeng.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikke er tilrettelagt for deltid. Undervisninga føregår primært mellom kl 08:00 og 16:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekome. Studenten må regne med å bruke i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil ha trong for å bruke meir tid.

Bachelorprogrammet følger Rammeplan for ingeniørutdanning og emna er fordelte i følgande kategoriar:

- Ingeniørfagleg basis: 30 studiepoeng med grunnleggande matematikk, ingeniørfaglig systemtenking og innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar. Dette skal i hovedsak verte relatert til ingeniørutdanninga og legge grunnlaget for ingeniørfaget.

- Programfagleg basis: 50–70 studiepoeng med tekniske fag, realfag og samfunnsfag. Dette skal i hovedsak verte relatert til studieprogrammet og legge grunnlaget for fagfeltet.

- Teknisk spesialisering: 50–70 studiepoeng som gir ei tydelig retning innan eige fagfelt, og som bygger på ingeniørfagleg basis og programfagleg basis. Dette skal i hovedsak verte relatert til studieretninga og legge grunnlaget for fagområdet.

Bacheloroppgåva inngår i teknisk spesialisering med 20 studiepoeng. Oppgåva skal vere forankra i reelle problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forsknings- og utviklingsarbeid og bidra til innføring i vitenskapsteori og metode.

Valgemna ligg i siste halvdel av studiet og vi tek atterhald for oppstart av valgemne ut frå talet på påmelde studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid. Det kan verte tilbydd blokker av valgemne/profilemne. 

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna bygger på kvarandre.