Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, elkraftteknikk

Våren 2022

Studieprogrammet skal utdanne ingeniørar med solid fagleg kompetanse for praktisk ingeniørarbeid innan elektro-energifag, og som har eit godt teoretisk grunnlag for vidare studier i inn- eller utland. Studiets form skal utvikle gode haldningar og gi grunnlag for livslang læring. Elkraftingeniøren skal ha kunnskapar og ferdigheiter innanfor fagfeltet, slik at vedkomande blir etterspurt som fagperson innan det regionale næringslivet.


Bachelorstudiet i elkraftteknikk følger Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018

Elkraftteknikk er ei studieretning under programområdet elektrofag.
Studieprogrammets satsingsområde omfattar prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system og komponentar innan industri og elproduksjon, bygg og transportsektoren, skip, olje- og gassproduksjon, med all styring, regulering og overvaking som er nødvendig. Eit viktig område vil vere system og utstyr for skip/offshore.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i ingeniørfag - elkraftteknikk skal ha følgande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

  • Kandidaten har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innanfor elektrofaget.
  • Kandidaten har kunnskap om elkrafttekniske fag og automatiseringsfag. Dette omfattar elektriske anlegg, elektriske maskinar og motordrifter, automatiserte anlegg, høyspenningssystem og lavspenningsinstallasjonar.
  • Kandidaten har grunnleggande kunnskapar innan matematikk, naturvitskap - under det også elektromagnetisme - og relevante samfunns- og økonomiske fag og om korleis desse vert integrerte i elektrofagleg problemløysning.
  • Kandidaten kjenner til elektroteknologiens historie og utvikling og ingeniørens rolle i samfunnet.
    Kandidaten har kunnskap om samfunnsmessige, miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av elektrotekniske installasjonar og nettverksteknologiar.
  • Kandidaten kjenner til forskningsutfordringar, vitenskapeleg metodikk og arbeidsmåtar innan elektrofaget og elkraftteknikk spesielt.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan bruke og bearbeide kunnskapen sin for å identifisere, formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske oppgåver på ein systematisk måte.
  • Kandidaten har kompetanse om digitale verkty og kan arbeide med relevante problemstillingar samt beherskar aktuelle metodar innan fagområdet. Dette omfatter design og implementering av elektriske anlegg, elektriske maskinar, motordrifter, reguleringssystem og PLS.
  • Kandidaten beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevant utstyr, instrument og programvare for å kunne arbeide strukturert og målretta.
    Kandidaten kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt.
  • Kandidaten kan finne og forhalde seg kritisk til relevant informasjon, bruke og vise til fagstoff slik at det belyser ein problemstilling, både skriftleg og munnleg.
  • Kandidaten kan bidra med nytenkning, innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.
  • Kandidaten kan bidra med kvalitetssikring ved utvikling av produkt, system og løysingar, samt utarbeide og analysere helse-, miljø-, og sikkerheitstiltak for disse.

Generell kompetanse

  • Kandidaten er bevisst miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av teknologiske produkt og løysningar, og evnar å sjå desse både i eit lokalt og globalt livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan bidra i samfunnsdebatt for å synliggjere teknologiens betydning og konsekvensar i samfunnet.
  • Kandidaten kan formidle elektrofagleg informasjon knytt til teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Kandidaten har eit bevisst forhold til eigne kunnskapar og ferdigheiter og respekt for andre fagområde og fagpersonar.
  • Kandidaten kan bidra i tverrfaglig arbeid og kan tilpasse eigen fagleg verksemd til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan delta aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele kunnskapane sine og erfaringane sine med andre og bidra til utvikling av god praksis.
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin, både gjennom litteratursøk, kontakt med fagmiljø, brukarar, kundar og andre interessentar samt gjennom praksis.

Innhald

Sentrale tema i studieprogrammet er:
- Grunnleggande elektrofag
- Statiske og roterande elektriske maskinar
- Kraftelektronikk og elektriske motordrifter
- Høgspenningssystem
- Elektriske anlegg og installasjonar
- Overvaking og styringsteknikk
- Modellering og simuleringsteknikk
- Energiøkonomisering
- Fornybare energikilder
- Nettanalysar, lastflyt- og kortslutningsberegningar

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna. I utdanninga er 7,5 studiepoeng i fysikk integrert i dei obligatoriske, tekniske emna. Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga. Valemnet ING271 Bøljefysikk og termodynamikk er óg relevant for dei fleste siv.ing.-programma.

Ingeniørutdanninga er treårig og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla utgjer 30 studiepoeng.

Valemna ligg i siste halvdel av studiet. Vi tek atterhald for oppstart av spesifikke valemne ut frå talet på påmelde studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid.

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna bygger på kvarandre.

Arbeidsformer

Teoriundervisning skjer stort sett klassevis.
I tillegg til teoriførelesningar, har dei fleste faga innslag av rekneøvingar, simuleringar og laboratoriearbeid.
Emna har obligatoriske arbeidskrav.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking på laboratorieøvingane.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Vurderingsformer

Det vert nytta karakterar etter ein skala frå A til F, der A er beste karakter. Det vert krevd E eller betre for at emnet skal vere stått. Nokre fag har karakter stått/ikkje stått.
Vurderinga kan vere munnleg, munnleg/praktisk eller skriftleg og kan kombinerast med semesteroppgåver.

Krav til studieprogresjon

Det er gitt vilkår for å få starte på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneplan for bacheloroppgåva.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk og læringsmateriellet vil i stor grad vere på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er lagt til rette for å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.