ØKB1105 Marknadsføring

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Aktuelle tema vil vere forbrukaråtferd, , konkurranse, segmentering, posisjonering , og differensiering, produkt, teneste og merkevarestrategi, litt om prisfastsetjing, marknadskommunikasjon inkl. sosiale media, distribusjon, marknadsføringsanalysar, m.m.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten:

  • Kan gjere greie for grunnleggande omgrep og teoriar i segmentering, differensiering og posisjonering.
  • Kan gjere greie for grunnleggande omgrep og sentrale teoriar i forbrukaråtferd.
  • Kan forklare ulike prinsipp for produkt- og tenesteutvikling, merkeliing, marknadskanalar, prissetjing, og marknadskommunikasjon.
  • Har kunnskap om marknads- og kundeorientering.
  • Har kunnskap om etiske og miljømessige utfordringar i tilknyting til sentrale problemstillingar innan marknadsføring.
  • Har kjennskap til bedriftsvaremarknader og relasjonsmarkedsføring.

 

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan analysere ein marknadsføringscase ut frå kunnskap og teoriar i marknadsføring.
  • Kan anvende relevante kunnskapar og teoriar til å analysere konkrete eksempel eller praktiske marknadsføringsproblem i verklegheita.
  • Kan bruke fagterminologi i omtale og analyse av bedriften sine marknadsføringstiltak.
  • Kan grunngje forslag til tiltak innan marknadsføring.

 

Generell Kompetanse:

Studenten:

  • Kan demonstrere evnen til å sjå ulike delar av marknadsføringstemaene i ein samanheng.
  • Har tileigna seg eit kritisk og reflekterande forhold til teoriar og modellar for å forstå og meistre utfordringar som marknadsførarar står over for.
  • Har tileigna seg ein fagleg kompetanse som gjer dei i stand til å vurdere ulike marknadsføringstiltak.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

 Førelesing og gruppearbeid

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Del 1 - Individuell fleirvalseksamen midt i semesteret, 45 minutt, 33 %

Del 2 - Skriftleg gruppeeksamen (3-5 personar pr gruppe) ved semesterslutt, 48 timar, 67 %

Karakterskala A-F på begge

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1 - Ingen hjelpemidler tillatt

Del 2 - Alle trykte og skrivne hjelpemidlar tillete

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MF6-1000 (1) - Markedsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØAO002 (1) - Markedsføring I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • EVA-ØKB1105 (1) - Markedsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA063 (1) - Markedsføring - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA089 (1) - Markedsføring 1 - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB055 (1) - Marketing - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB023 (1) - Markedsføring - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB1023 (1) - Marketing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1002 (1) - Marketing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng