ØKB1114 Grunnleggjande statistikk

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • Beskrivande statistikk: populasjon og utval, beliggenheitsmål, spreiingsmål, samvariasjonsmål.
  • Sannsynsrekning og kombinatorikk: Betinga og ubetinga sannsyn, sannsynstre, avhengigheit og uavhengigheit.
  • Tilfeldige variablar, forventning og varians. Simultane sannsynsfordelingar.
  • Sentrale sannsynsfordelingar: normalfordeling, binomisk fordeling, hypergeometrisk fordeling, mm.
  • Konfidensintervall og ulike typar hypotesetestar; t-testar, kjikvadrattestar mm.
  • Regresjonsanalyse: Enkel lineær regresjonsanalyse med hypotesetesting av stigningstalet i regresjonsmodellen og prediksjon.                                                                                                                                     

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • har kunnskap om sannsynsrekning, kombinatorikk og bruken av dette.
  • Veit kva tilfeldige variablar, forventning og varians er.
  • Kjenner til ulike sannsynsfordelingar som for eksempel normalfordeling og binomisk fordeling.
  • Veit kva sentralgrenseteoremet er og kva det inneber.
  • Kjenner til grunnleggjande ferdigheiter innan sannsynsrekning og kombinatorikk, veit forskjell på betinga og ubetinga sannsyn og avhengige og uavhengige hendingar.

Ferdigheter:

Studenten:

  • Kan bruke grunnleggjande metoder for å analysere og forklare data.
  • Kan bruke sannsynsrekning.
  • Kan rekne simultansannsyn og kovarians.
  • Kan lage ulike typer konfidensintervall for ulike typer data.
  • Kan gjennomføre hypotesetestar på ulike typer data.
  • Kan gjennomføre enkel lineær regresjon, gjennomføre hypotesetest på stigningstalet i regresjonslikninga samt rekne ut prediksjonsintervall.

Generell kompetanse:

Studenten kan bruke kunnskapen fra emnet som grunnlag for andre fag i studiet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og eige arbeid.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar, 100%

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle trykte og skrevne hjelpemiddel tillatt, Kalkulator TI-84 Plus blir delt ut under eksamen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØMO003 (1) - Statistikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • NAB2015 (1) - Metode for Nautikk - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • ING2053 (1) - Statistikk og økonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING2050 (1) - Statistikk og økonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB1008 (1) - Statistikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING1013 (1) - Statistikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • RE057 (5) - Statistikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • RE057 (2) - Statistikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • RE057 (1) - Statistikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB021 (1) - Grunnleggende statistikk - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB1021 (1) - Grunnleggende statistikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA097 (1) - Grunnleggende statistikk - Reduksjon: 6 studiepoeng