ØKB2101 Økonomistyring

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Inntekts- og kostnadskontroll, modellar for driftsrekneskapet, bruk av normal- og standardkost, kostnadsfordeling, beslutningsrelevante kostnader og inntekter, alternativ til tradisjonell kostnadsanalyse, inkludert aktivitetsbasert kalkulasjon, budsjettering.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Kan gjere greie for ulike prinsipp for kostnadsfordeling og produktkalkulasjon.
  • Kjenner til budsjettet som styringsverktøy samt gjere greie for korleis budsjettprosessar blir organisert og gjennomført.
  • Har tileigna seg god forståing for kostnadsomgrepet og ha god forståing for variabiliteten på kostnader.

Ferdigheitar

Studenten:

  • Kan utarbeide for- og etterkalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet for bedrifter i ulike bransjar, samt kalkylar basert på aktivitetsbasert kalkulasjon.
  • Kan utføre kostnads-, resultat- og volumanalysar.
  • Kan utføre tradisjonell kalkulasjon etter normalkostmetoden og standardkostmetoden, samt  aktivitetskorrigere verksemda sitt budsjett medrekna fleksibel budsjett.
  • Kan gjere avviksanalyse, identifisere og forklare årsaker til avvik og kunne føreslå iverksettjing av tiltak.
  • Kan identifisere beslutningsrelevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike beslutningsproblem.
  • Kan gjere enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang.
  • Kan fordele kostnader frå art via kostnadsstad/aktivitet til kalkyleobjekt
  • Kan setje opp budsjett (resultatbudsjett, likviditetsbudsjett og balansebudsjett) basert på verksemda sine planar og aktivitet i perioden, samt sjå samanhengen mellom bedriften sine ulike delbudsjett.

Generell Kompetanse

Studenten :

  • Kan framskaffe og bruke interne styringsdata til å leie eit føretak.
  • Har oversikt over tradisjonelle og moderne driftsrekneskapsmodellar og kunne drøfte vurderingsproblem i tilknyting til desse modellane.
  • Kan drøfte dei grunnleggande føresetnadene for og svakheitene med den aktivitetsbaserte kalkulasjonsmetoden.
  • Kan drøfte føremålet med budsjettering og sjå budsjettet som verktøy for planlegging, styring og kontroll i verksemder.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ØKB1110 Bedriftsøkonomi med rekneskap og ØKB1111 Finansrekneskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveløysing

Arbeidskrav

Ja, spesifiseres i semesterplan ved semesterstart

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar 100%

Karakterskala A - F

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) vert utdelt

Fagleg overlapping

  • BØ6-1003 (1) - Økonomistyring i bedrifter - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØBO016 (1) - Økonomistyring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA051 (1) - Kostnadsregnskap - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB015 (1) - Bedriftsøkonomisk analyse II - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA012 (1) - Kostnadsregnskap - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2001FORØK (1) - Driftregnskap og budsjettering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA069 (1) - Bedriftsøkonomisk analyse II - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2015 (1) - Bedriftsøkonomi II - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB2003 (1) - Bedriftsøkonomi II - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB002FOREØK (1) - Driftregnskap og budsjettering - Reduksjon: 6 studiepoeng