ØSS116 Vidaregåande mikroøkonomi

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Kurset byggjer på og utfyller BØA203 Mikroøkonomi. Målet med kurset er å gje studentane ein djupare forståing for marknadsøkonomien sin funksjonsmåte.

Innhald

  • Grunnleggande spelteori
  • Marknader med mangelfull konkurranse
  • Marknader med asymmetrisk informasjon
  • Faktormarknader
  • Generell jamvekt

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

  • Grunnleggande mikroøkonomi tilsvarande grunnkurset i mikroøkonomi
  • Kunne forklare sentrale omgrep innan mikroøkonomi og spelteori
  • Analysere spel og spel-liknande situasjonar ved å gjere bruk av spelteori
  • Analysere marknader med eit fåtal konkurrentar ved å gjere bruk av oligopolteori
  • Analysere marknader kjenneteikna ved asymmetrisk informasjon
  • Analysere faktormarknader
  • Analysere samspelet mellom marknader ved å gjere bruk av generell jamvektsteori

Ferdigheter

  • Formulere, illustrere, løyse og anvende mikroøkonomiske og spelteoretiske modellar, samt generelle jamvektsmodellar
  • Reflektere kritisk over marknader og økonomiske hendingar

Generell kompetanse

  • Gjøre bruk av abstrakte modellar

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

BØA203 Mikroøkonomi eller tilsvarende.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar og løysing av oppgåver.

Arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen må ein få godkjent skriftleg svar på 2 av 3 obligatoriske arbeidskrav.  Godkjente arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og fem påfølgande semester.

Vurderingsform

Skriftleg skoleeksamen, 5 timar. Eksamen kan bli på digitalt eksamenssystem.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØSS111 (1) - Mikroøkonomi II - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØSS101 (1) - Markedsimperfeksjoner og spillteori - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØSS105 (1) - Internasjonal handel - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØSS104 (1) - Markedsimperfeksjoner og spillteori - Reduksjon: 3,5 studiepoeng