Hopp til innhald

ABLUPR401 Praksis 4. år - ABLU

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis i fjerde studieår på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er på 10 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus: studenten si vidarautvikling av profesjonskompetanse.

Læringsutbytte

Studenten skal i fjerde studieår vidareutvikle profesjonskompetanse som å:

  • kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
  • stå fram som pedagogisk leiar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga knytt til fordjupinga spesielt

Krav til forkunnskapar

Praksis tredje studieår (ABLUPR301) må vere bestått før du kan starte denne perioden.

Undervisnings- og læringsformer

All praksis blir gjennomført i barnehage.

Studenten kan ha praksis på eigen arbeidsplass under føresetnad av at studenten får rettleiing, variert og vurdert praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

10 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 10 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studentens sin studieprogresjon.

Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel