Hopp til innhald

KAS590 Masteroppgåve i avansert klinisk allmennsjukepleie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i ei problemstilling frå fagfeltet klinisk allmennsjukepleie. Med bakgrunn i prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Oppgåva kan vere ei empirisk undersøking eller ein teoretisk analyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan ha form som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • kan gjere greie for sentrale teoriar og metodar på fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing
  • kan analysere og stille seg kritisk til relevante teoriar og nasjonal og internasjonal forsking på området

Ferdigheiter:

Studenten …

  • kan analysere kliniske, faglege og etiske problemstillingar på sitt eige fagområde
  • har inngåande kunnskap om dei ulike delane av forskingsprosessen
  • kan bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid
  • kan stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder
  • kan anvende forskingsetiske retningsliner i eige forskingsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette
  • kan arbeide analytisk og peike på behov for innovasjon og tenesteutvikling
  • kan bidra med kunnskapsbaserte argument i allmennsjukepleie

Krav til forkunnskapar

KAS530 Prosjektplan, MAMET1SKA Etikk, vitskapsteori og metode og KASP540 Praksisstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie.

Alle emna i studieprogrammet må vere bestått før innlevering av masteroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, sjølvstudium, seminar og rettleiing blir brukt som undervisnings- og læringsformer. Med bakgrunn i tema, problemstilling og metodeval får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjonen i arbeidet. Det blir lagt opp til felles digitale seminar eller seminar med fysisk oppmøte undervegs der studentane skal leggje fram og drøfte arbeidet sitt med medstudentar og rettleiarar.

Rettleiinga kan foregå individuelt, i seminar og/eller i gruppar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 90 % deltaking i studentaktiv undervisning (digitale seminar eller seminar med fysisk oppmøte med presentasjon av prosjektet og medstudentrespons)
  2. deltatt på minumum 5 timar rettleiing på masteroppgåva

Vurderingsform

Masteroppgåve Masteroppgåva kan vere eit frittstående arbeid, eller inngå som ein avgrenset, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Masteroppgåva kan utarbeidast individuelt eller i gruppe på to studentar.

Alternativ 1: Artikkel som tilfredsstiller kvalitetskrava til eit nasjonalt eller internasjonalt vitskapleg tidsskrift: Kappe på inntil 7500 ord og artikkel som føl tidsskriftet sine retningslinjer.

Alternativ 2: Monografi med eit omfang på inntil 15000 ord.

Vurderingsutrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) kan studenten levere ein forbetra versjon av masteroppgåva ein gong. Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått masteroppgåve innan same studieprogram.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel