Hopp til innhald

MGBBNM550 Begynnaropplæring i norsk og matematikk 4 - Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Under rettleiing frå faglærar skal studenten i femte året av studiet gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt og dokumentere dette arbeidet gjennom ei masteroppgåve på 45 sp.

Masteroppgåva skal vise studentens evne til å behandle problemstillingar knytt til masterfaget Begynnaropplæring i norsk og matematikk på ein sjølvstendig, systematisk og analytisk måte.

Masteroppgåva tar utgangspunkt i ei sjølvvalt problemstilling på grunnlag av kunnskapsstoffet i eitt eller fleire av masteremna i masterfaget. Tema, problemstilling og litteraturtilfang blir utvikla i samråd med rettleiar.

Kvar student får ein hovudrettleiar. Det blir inngått individuelle forpliktande rettleiingsavtaler.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i masterfaget Begynnaropplæring i norsk og matematikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har inngåande kunnskap om relevant teori og metode for masteroppgåva

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kritisk nytte forskingsbasert, profesjonsretta kunnskap i masterfaget til utforsking av nye problemområde
  • kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan bruke relevant teori og metode knytt til arbeidet med eiga masterarbeid og reflektere kritisk over eigne val
  • kan gjennomføre eit profesjonsretta, sjølvstendig, og avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan posisjonere eiga forsking i høve til forskingsfeltets historie, eigenart og samfunnsmessige plassering
  • kan formidle resultat frå masteroppgåva på ein tilfredsstillande og relevant måte
  • kan bidra til utviklingsarbeid som fører til fagleg nytenking i skolen.
  • har profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til formidling av forsking, og i arbeid med forskings- og utviklingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Bestått praksis og bestått FOU-oppgåve i norsk eller matematikk (MGBNO401 eller MGBMA401).

Tilrådde forkunnskapar

MGBBNM501, MGBBNM502 og MGBBNM503, eller tilsvarande emne.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er i hovudsak studentdrive i tett dialog med rettleiar og med obligatoriske seminar etter ein oppsett plan.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Studenten skal gje minst ei skriftleg tilbakemelding på ein del av masteroppgåva til ein medstudent.
  • Studenten skal lage ein digital presentasjon av masterprosjektet og gje ein medstudent tilbakemelding på presentasjonen.

Presisering av formelle læringsaktivitetar vert delt ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Vurderingsform

Masteroppgåve.

Oppgåva skriv ein enten aleine eller i par. Ved samskriving gjeld særlege reglar/formalia. Omfang og vurderingskriterier vil bli gitt i eigne retningslinjer for masteroppgåva.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel