Hopp til innhald

MGUSA501 Samfunnsfag 3, emne 1 - Samfunnsfagleg forsking og litteratur

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er eit obligatorisk emne i mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk. Emnet gir studenten høve til å orientere seg breitt i eit forskingsfelt som grunnlag for å rette seg inn mot eit spesifikt tema for masterprosjektet.

Emnet gir studentane høve til å orientere seg mot eit fagleg og/eller didaktisk tema som kan vere relevant for mastergradsoppgåva deira. Det vil dessutan bli fokusert på sentrale vitskapsteoretiske tema og kva som kjenneteiknar samfunnsfaga som vitskaplege disiplinar. Vidare takast det opp korleis ein effektivt kan finne fram til forskingslitteratur via bibliotek og databasar.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har gode kunnskapar om forskingstradisjonar i samfunnsfaga
  • kan bruka ulike informasjonskjelder kritisk
  • kan gjera greie for sentrale forskingsbidrag på eit sjølvvald forskingsfelt

Ferdigheiter

Studenten

  • kan plassera masterprosjektet sitt i forhold til utvalde samfunnsvitskaplege og humanistiske grunnlagsspørsmål (for samfunnsfagstudentar)
  • kan plassere ein utvald tematikk i forhold til utvalde samfunnsvitskaplege og humanistiske grunnlagsspørsmål (for spesialpedagogikk-studentar)
  • kan presentere og diskutere fagstoffet munnleg og skriftleg
  • kan finne fram til relevant forskingslitteratur via bibliotek og databasar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og diskutere sentral litteratur innafor eit forskingsfelt
  • kan plassere eige masterprosjekt innan ein større forskingstradisjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101/MGUSA102, MGUSA201/MGUSA202, MGUSA301/MGUSA302, MGUSA401/MGUSA402.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og gruppearbeid og framlegg i seminar. Studentane skriv ei oppgåve som gjer greie for forsking og teoretiske perspektiv i temaet dei har valt å skrive masteroppgåve om. Utkast til denne oppgåva skal leggjast fram til diskusjon i seminar. I tillegg til seminararbeid har studentane høve til individuell rettleiing. Desse arbeidsformene skal øve studenten sin evne til litteratursøk og kritisk vurdering av tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Munnleg gruppepresentasjon om tema knytt til grunnlagsproblematikk/forskingstradisjonar innafor samfunnsfag og historie (Basert på eksempeltekstar)
  2. Innlevering av kort skisse med tema og forslag til litteratur for 501-oppgåva
  3. Deltaking i seminar: Studentane skal legge fram skriftleg utkast til oppgåva, og vere opponent på innlegget til ein medstudent
  4. Ei skriftleg oppgåve i vitskapsteori
  5. Deltaking på opplegg i metode og forskingsetikk (gjeld berre studentar med masterfag i profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk)

Utfyllande retningsliner for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli delt ut ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført og godkjent innen gitte fristar for at studentane skal kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Oppgåve. Studentane skal skrive ei individuell oppgåve på 4000 ord, som viser at studenten har kunnskapar om eit forskingsfelt, kan formulere eigne problemstillingar og relatere desse til relevante vitskapsteoretiske spørsmål, avhengig av prosjektets eigenart. Studenten skal også vise evne til akademisk framstilling.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel