Hopp til innhald

LU1-NOR215 Norsk 1-7 1b

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Faget i utdanninga:

Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytt til norskopplæring. Ein norsklærar må kunne bruke kunnskapar frå desse områda til fagleg og fagdidaktisk refleksjon og setje det heile om til praktisk handling i klasserommet. Undervisninga i lærarutdanningas norskfag skal vere både forskingsbasert og profesjonsorientert.

 

Språk og språkbruk spelar ei grunnleggande rolle i all læring og heng tett saman med identitetsutviklinga til kvar einskild språkbrukar. Å kunne tale, lese og skrive vel er ein medborgarleg rett. Ei demokratisk offentlegheit er avhengig av at nye generasjonar blir deltakarar i skriftkulturen. Elevar skal utvikle seg og bli sosialiserte inn i ein kultur der språkkunnskapar og språklege ferdigheiter er inngangsnøkkelen til alt frå sosialt liv, via yrkesliv, til offentleg deltaking i lokale, regionale, nasjonale og internasjonale samanhengar. Ei viktig oppgåve for norsklæraren er derfor å hjelpe elevar til å bli trygge og aktive språkbrukarar med gode munnleg og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter.

 

 

Litterær danning er mellom anna eit resultat av arbeid med ulike typar tekstar, tekstar som gir innsikt i menneskeliv, kulturliv og samfunnsliv ¿ eldre og nyare, munnlege og skrivne, oppdikta og sakprega, tekstar i aviser, tidsskrift, bøker eller på skjerm, og samansette tekstar som spelar seg ut på papir, skjerm, lerret eller scene. Norsklærarar må derfor kunne presentere eit mangfald av tekstar for elevane ¿ tekstar som kan vere opphav til forståing, gi opplevingar og skape lyst til å lese meir og skaffe seg meir kunnskap og større innsikt.

 

 

Norskfaget har eit særleg ansvar for opplæring i dei grunnleggande ferdigheitene; å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykke seg skriftleg og å kunne lese. Norsklærarar må ha kunnskapar om språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, begynnaropplæring og om utvikling av lesing og skriving. Lesing og leseglede, skrivelyst og skrivemeistring legg grunnlag for vidare utdanning. Det er viktig at norsklærarar har innsikt i litterære tekstar som engasjerer barn og med dette motiverer elevane til vidare lesing og skriving.

 

 

I eit fleirkulturelt læringsmiljø er gode språk- og breie kulturkunnskapar viktige. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis, men kan ikkje vere framand for allmenne og internasjonale perspektiv. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og kva som er norsk, må heile tida definerast på nytt i tråd med denne utviklinga. Gjennom språkopplæringa spelar norskfaget ei viktig rolle i integreringa av minoritetselevar, men faget skal også utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor. For samiske elevar skal faget norsk saman med faget samisk leggje grunnlaget for å utvikle tospråkleg kompetanse hos elevane.

Faget må tilpassast aldersgruppene studentane skal vere lærarar for, noe som får stor innverknad på tekstmaterialet studentane må arbeide med, metodane dei kan nytte og kva for teoretisk perspektiv dei kan velje.

 

Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå forskrift § 5.

 Presentasjon av emnet 1b:

I norsk 1 b står begynnaropplæring i lesing og skriving sentralt, og studentane skal få forskingsbasert innsikt i dette. Dette kurset har også vekt på å lære studentane lingvistiske omgrep som får praktisk verdi i arbeidet med elevtekstar. Norsk 1 b har også fokus på arbeidet med vidareutvikling av skriveferdigheiter til elevar frå 1. -7. trinn. Studentane skal få forskingsbasert kunnskap om temaet lese- og skrivevanskar, norsk som andrespråk og norm og variasjon i skrift og tale. Dei skal kunne nytte og vurdere ulike arbeidsmåtar som passar frå 1.-7. trinn, og dei skal få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget.  Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Fagleg innhald. Konkretisering av emnet:

Den første lese- og skriveopplæringa

Fonologi

Morfologi

Syntaks

Skriveopplæring i ulike sjangrar

Skriveopplæring som ein prosess, om respons og vurdering

Elevtekstar - elevtekstanalyse

Norm og variasjon

Lese- og skrivevanskar

Norsk som andrespråk

Læringsutbytte

Studenten:

- kunnskapar:

  • har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
  • har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk

- ferdigheter:

  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 7. trinn og grunngi faglege val
  • kan vurdera og bruka ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1. til 7. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan leggja til rette for og stimulera elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan bruka ulike vurderingsmåtar i norskfaget
  • kan kartleggja lese- og skriveferdigheiter, setja i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdaga lese- og skrivevanskar
  • kan bruka læreplanen i faget til å formulera mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skapa og vurdera digitale, samansette tekstar

- generell kompetanse:

  • kan nytta faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan arbeida sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan arbeida med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikla språk- og kulturforståing
  • kan leggja til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrkja identiteten til elevane og oppmoda dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Presentasjonar og seminarinnlegg, munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper. Tekstskaping og -vurdering. Praksisoppgåver. Bruk av øvingsrom.

Obligatorisk læringsaktivitet

*skriftlege og munnlege studiekrav.

80% obligatorisk deltaking i undervisning

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen. Målform nynorsk.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel