LU2-NOR115 Norsk 5-10 1a
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytt til norskopplæring. Ein norsklærar må kunne bruke kunnskapar frå desse områda til fagleg og fagdidaktisk refleksjon og setje det heile om til praktisk handling i klasserommet. Undervisninga i lærarutdanningas norskfag skal vere både forskingsbasert og profesjonsorientert.
Språk og språkbruk spelar ei grunnleggande rolle i all læring og heng tett saman med identitetsutviklinga til kvar einskild språkbrukar. Å kunne tale, lese og skrive vel er ein medborgarleg rett. Ei demokratisk offentlegheit er avhengig av at nye generasjonar blir deltakarar i skriftkulturen. Elevar skal utvikle seg og bli sosialiserte inn i ein kultur der språkkunnskapar og språklege ferdigheiter er inngangsnøkkelen til alt frå sosialt liv, via yrkesliv, til offentleg deltaking i lokale, regionale, nasjonale og internasjonale samanhengar. Ei viktig oppgåve for norsklæraren er derfor å hjelpe elevar til å bli trygge og aktive språkbrukarar med gode munnleg og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter.
Litterær danning er mellom anna eit resultat av arbeid med ulike typar tekstar, tekstar som gir innsikt i menneskeliv, kulturliv og samfunnsliv ¿ eldre og nyare, munnlege og skrivne, oppdikta og sakprega, tekstar i aviser, tidsskrift, bøker eller på skjerm, og samansette tekstar som spelar seg ut på papir, skjerm, lerret eller scene. Norsklærarar må derfor kunne presentere eit mangfald av tekstar for elevane ¿ tekstar som kan vere opphav til forståing, gi opplevingar og skape lyst til å lese meir og skaffe seg meir kunnskap og større innsikt.
Norskfaget har eit særleg ansvar for opplæring i dei grunnleggande ferdigheitene; å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykke seg skriftleg og å kunne lese. Norsklærarar må ha kunnskapar om språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, begynnaropplæring og om utvikling av lesing og skriving. Lesing og leseglede, skrivelyst og skrivemeistring legg grunnlag for vidare utdanning. Det er viktig at norsklærarar har innsikt i litterære tekstar som engasjerer barn og med dette motiverer elevane til vidare lesing og skriving.
I eit fleirkulturelt læringsmiljø er gode språk- og breie kulturkunnskapar viktige. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis, men kan ikkje vere framand for allmenne og internasjonale perspektiv. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og kva som er norsk, må heile tida definerast på nytt i tråd med denne utviklinga. Gjennom språkopplæringa spelar norskfaget ei viktig rolle i integreringa av minoritetselevar, men faget skal også utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor. For samiske elevar skal faget norsk saman med faget samisk leggje grunnlaget for å utvikle tospråkleg kompetanse hos elevane.
Faget må tilpassast aldersgruppene studentane skal vere lærarar for, noe som får stor innverknad på tekstmaterialet studentane må arbeide med, metodane dei kan nytte og kva for teoretisk perspektiv dei kan velje.
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå forskrift § 5.
I norsk 1 a står arbeidet med dei munnlege ferdigheitene sentralt. Læraren er eit forbilde for elevane i å utøva munnleg kommunikasjon, og han har ansvar for å utvikla elevane sine evner til munnleg kommunikasjon. Studenten skal få kunnskap om og erfaring med alle dei fire munnlege hovudsjangrane, og samtalen vil få eit hovudfokus. Dei to andre hovudområda på dette emnet er "den andre leseopplæringa" og barne- og ungdomslitteratur. Studentane skal få forskingsbasert kunnskap om elevar si leseutvikling og ulike metodar i leseopplæringa, samt vurdering av leseferdigheit. Arbeidet med barne- og ungdomslitteratur skal gi studenten kunnskap om aktuell litteratur for denne aldersgruppa og kunnskapar og erfaringar med korleis desse tekstane kan brukast for å øva opp lesekompetanse og skapa leseengasjement hos elevane. Studentane skal kunne nytte og vurdere ulike arbeidsmåtar som passar frå 5.-10. trinn og utvikla ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Munnlege sjangrar: å lesa opp, å fortelja, å tala og å samtala
Folkedikting
Barne - og ungdomslitteratur: barne- og ungdomsboka, lyrikk, noveller, bildeboka og fagboka for barn og unge
Litteraturdidaktikk
Den andre leseopplæringa, å lesa i alle fag
Læreplanen, grunnleggjande ferdigheiter og læreboktekstar
Læringsutbytte
Studenten:
- kunnskapar:
- har kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
- har kunnskap om relevante teoriar om lesing, og leseopplæring og kunnskap om lesestrategiar
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium.
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag.
- ferdigheiter:
- kan nytta retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kan leggja til rette for og stimulera elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan legga til rette for at elevar får lesa eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan stimulera den estetiske sansen til elevane
- kan vurdera ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbytte til elevane
- kan bidra til å utvikla lokale læreplanar
- generell kompetanse:
- kan formidla norskfaglege innsikter og tilpassa form og innhald til ulike målgrupper
- kan nytta faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeida sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan leggja til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrkja identiteten til elevane og oppmoda dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Krav til forkunnskapar
- Ingen
Tilrådde forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Presentasjonar og seminarinnlegg, munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper. Tekstskaping og -vurdering. Praksisoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
*skriftlege og munnlege studiekrav.
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen, 3-dagars. Målform: Bokmål. Karakterskala A-F. Studiekrav må vera godkjent for å gå opp til eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel