Hopp til innhald

NOU803 Språkkunnskap (nettstudium)

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhold og oppbygning

Norsk 2 5-10 trinn Tekstkunnskap og Språkkunnskap (30 studiepoeng) byggjer på 30 studiepoeng grunnutdanning i norsk og er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet og 60 studiepoeng norsk for å undervise på ungdomstrinnet.

Norsk 2 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Emne 1 Språkkunnskap går hausten 2017, og emne 2 Tekstkunnskap går våren 2018. Emne 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter. Emne 2 gir ei innføring i ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur og gir teoretiske perspektiv på debattar knytte til denne litteraturen.

Saman med Norsk 1 5-10 trinn utgjer Norsk 2 Tekstkunnskap og språkkunnskap eit årsstudium (60 studiepoeng). Samla gir kursa omfattande kompetanse til norskundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Samla kan dei også vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår.

Emnet Språkkunnskap gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter.

Læringsutbytte

Studentane skal etter fullført studium

  • ha kunnskap om lese- og skrivestrategiar og relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring
  • ha innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikling av leseforståing og lesestrategiar, både for elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • ha kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • ha god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk
  • ha god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag
  • kunne setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kunne bruke språk- og tekstkunnskap i arbeidet med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kunne kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og grunngi faglege val
  • kunne bruke digitale verktøy i språkopplæringa
  • vere ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål.

Undervisnings- og læringsformer

Norsk 2 Tekstkunnskap og Språkkunnskap er eit nettbasert deltidsstudium. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Its Learning. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må levere og få godkjent ei læringsmappe med fire obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved semesterstart. Oppgåvene skal skrivast på bokmål. To av innleveringane vil bli brukt til mappevurdering.

Arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Mappevurdering, med to delar frå læringsmappa: Ei oppgåve blir bestemt av høgskolen, den andre er sjølvvald. Målform: bokmål.

Tid for innlevering av vurderingsmappa blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.