RE6-1001 Grøn destinasjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet tek føre seg teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metodar for å arbeide praktisk med reisemålsutvikling og heilskapleg reiselivsplanlegging. Emnet tek bl.a. føre seg overordna planlegging og utvikling i reiselivet, og kunnskap om og styringssystem og reiselivsorganisering for handtering av økonomiske, fysiske, miljømessige og kulturelle utfordringar knytt til reiselivsutvikling i eit heilskapleg, berekraftig perspektiv på områdenivå (region/reisemål). Altså korleis lage ein reiselivsplan og kva interessentar bør vere med.
Fylgjande tema er sentrale i emnet:
- reisemålsutvikling - metodar, analysar, verktøy og prosess
- reiselivsplanlegging- og utvikling (globalt/internasjonalt-, nasjonalt-, regionalt-, og lokalt nivå)
- marknadsføring av reisemål, både nasjonalt og internasjonalt
- innføring i prosjektutvikling, prosjekt- og prosesstyring i reiselivet (prosjektleiing)(PLP-metoden)
- organisering av reiselivet ¿ ulike nivå og funksjonar
- berekraftig reiselivsutvikling ¿ innhald og prinsipp
- miljømessige, sosiokulturelle, kulturelle og samfunnsmessige verknader av reiselivet
Læringsutbytte
Etter fullført emne vil:
Kunnskapar:
- studenten vite korleis og kvifor ein bør utvikle reiselivet etter ein heilskapleg plan
- studenten ha kunnskap kring destinasjonars livssyklus
- studenten sjå utfordringar knytt til berekraftig reisemålsutvikling og reiselivsplanlegging , både på bedriftsnivå men og på reisemålsnivå.
Ferdigheiter:
- studenten nytte prosessverktøy og metodar for oppstart, organisering og gjennomføring av reisemålsutviklings- og reiselivsplanprosessar/-prosjekt
- studenten nytte undersøkings- og analyseverktøy for evaluering av reisemål
- studenten kunne nytte metodar og verktøy for implementering og gjennomføring av utviklingstiltak som produktutvikling/næringsutvikling på ulike reisemålsnivå
- studenten kunne nytte verktøy og metodar for å kunne setje i gong og arbeide med heilskapleg reisemålsutvikling av destinasjonar, kommunar og regionar til ein reiselivsplan.
Generell kompetanse
- studenten ha innsikt i korleis starte ein planprosess for reisemål.
- studenten ha innsikt i korleis ein skal utvikle eit reisemål på ein berekraftig måte.
-
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, sjølvsstudium, seminar, gjesteførlesingar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal gjerast i grupper på 2-4 personar.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Heimeksamen , ei veke (7 døgn) i gruppe på 3- 4 personer- vekting 100%
Bokstavkarakter.
Alle hjelpemiddel tillatt
Dersom kandiaten får stryk i ein av desse lyt han/ho ta den aktuelle forma oppatt for å få emnet godkjent
Hjelpemiddel ved eksamen
Alt tillatt
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-103 - Reiselivsplanlegging og berekraftig reiseliv - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
- RE6-103 - Reisemålsutvikling - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
- FØS8201 - Grøn destinasjonsutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng