EL2-208 Elektriske maskiner
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Dette kurset skal gje god innføring i virkemåte og oppbygging av elektriske maskiner, slik som transformatorar, generatorar, motorar, likerettarar og omformarar. Det vil verte fokusert på bruksområde for dei ulike maskintypane.
Transformatorar: Prinsipp og virkemåte, transformatortypar, ekvivalentskjema, karakteristikkar. Einfase og trefase. Drift og overvaking av transformatoranlegg.
Synkronmaskiner: Bruksområde, oppbygging og virkemåte, ekvivalentskjema, utrekningar og målingar.
Asynkronmaskiner: Bruksområde, oppbygging og virkemåte. Asynkrongenerator. Oppstart og turtalsstyring.
Likestrømsmaskiner: Prinsipp og virkemåte. Ekvivalentskjema, utrekningar og målingar.
Generatorar: Prinsipp og virkemåte vikla og permanentmagnetgenerator, generatortypar, ekvivalentskjema, karakteristikkar. Termiske eigenskapar.
Dynamikk: Dynamikk i elektriske motorar og generatorar. Oppstart og nedstenging av motorar og generatorar.
Kraftelektronikk: Ulike omformartypar. Oppbygging av frekvensomformar
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har kunnskap om elektromagnetisk teori som grunnlag for elektrisk maskiner.
- Kan rekne på verdiar ved tomgang, belastning og kortslutning.
- Kan rekne på spenningsfall og verknadsgrad for ein og trefasa transformatorar.
- Har kunnskap om transformatorkoblingar, konstruksjon og verkemåte samt parallell drift av tre-fase transformatorer.
- Har kunnskap om autotransformatorer og måletransformatorer.
- Har kunnskap om konstruksjon, verkemåte og parallell drift av synkrongeneratorar.
- Har kunnskap om magnetiseringssystema, regulering av reaktiv og aktiv effekt frå synkron-maskiner.
- Har kunnskap om konstruksjon og verkemåte samt styring til asynkronmotorar, likestrømsmaskin og transformatar.
- Kan berekne verdiar som indusert spenning, klemmespenning ved belastning, effekt- og moment-forhold samt tap og verknadsgrad av likestrømsmaskiner, transformatorer, asynkronmaskiner og synkronmaskiner.
- Har kunnskap om bruken av omformarar og vern.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan beregne strøm, spenning, dreiemoment, turtall og effekt i elektriske maskiner.
- Kan kople opp og foreta målingar og rekne ut parameter på ein asynkronmaskin.
- Kan berekne verdiar i tomgang, belastning og under kortslutning for synkron-maskiner.
- Kan berekne verdiar som sakking, belastning, spenningsfall, verknadsgrad og for elektriske maskiner.
- Kan anvende elektromagnetisk teori til å bestemme bruk av elektriske motorer i ulike applikasjoner.
- Kunnskap om hovedkomponentar i kraftelektronikken og bruken av desse.
Generell kompetanse
Studenten:
- forstår bruken av transformatorer i samanheng med forsyningsanlegg, distribusjonsnett og sluttbrukar.
- forstå bruken av synkrongeneratorar i samanheng med forsyningsanlegg og andre typar kraftverk.
- forstår bruken av asynkronmotorar og likestraumsmotorar i samanheng med maskiner.
- forstår bruken av kraftelektronikk.
Krav til forkunnskapar
Byggjer på Grunnleggjande elektro, Matematikk 1 og 2, eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, laboratorieøvingar, rekneøvingar og presentasjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 godkjend gruppepresentasjon og 4 godkjende laboratorieøvingar m/rapport (Transformatorar - 1, Likestrømsmaskiner - 1, Asynkronmaskiner - 1, Synkronmaskiner - 1).
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 5t. (vekt 100%)
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator ihht godkjent liste, formelark.
Meir om hjelpemiddel