BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II
Innhald og oppbygging
Dei tre emna BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet, BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I samt BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II er tre kurs i bruksretta bedriftsøkonomi på til saman 22,5 studiepoeng. Kursa er lagt slik at det er ein naturleg progresjon i den teoretiske vanskegraden og i alle tre kurs blir Excel nytta til bygging av økonomiske modellar.
I kurset BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II vil tema vere budsjettering av inntekter, kostnader og likviditet. Vidare skal studenten kunne byggje enkle modellar til bruk i investeringskalkylar der ein ser på nominell og reell avkastning til både totalkapitalen og eigenkapitalen før og etter skatt. I tillegg skal studenten lære om ulike finansieringsformer og ulike typar lån. Studenten skal også få ei innføring i ulike typar bedriftsorganisering og kunne utarbeide ein forretningsplan for ei enkel reiselivsbedrift med utgangspunkt i forretningside og resultatmål.
Sluttevalueringa i alle tre kursa er heimeeksamen, enkeltvis eller i grupper, over ei eller to veker.
Oppbygging av BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd Il:
- Budsjettering av inntekter, kostnader og resultat
- Investeringsanalysar med internrente, noverdi og eigenkapitalavkastning
- Ulike finansieringsformer og ulike typar lån
- Bedriftsorganisering og forretningsplan
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Studentane skal forstå:
formålet med budsjett av ulike typar
formålet med investeringskalkylar
formålet med finansiering og forstå ulike renteomgrep
formålet med forretningsplan og ulike typar verksemdsorganisering.
Ferdigheiter
Studentane skal kunne:
Utarbeide investeringskalkylar og rekne ut noverdi og internrente til ulike investeringsprosjekt
Rekne ut eigenkapitalavkastninga til investeringsprosjekt
Rekne ut kostnadene knytt til ulike finansieringsformer og rekne ut effektiv og reell rente på lån
Sette opp ein forretningsplan for ei verksemd
Generell kompetanse
Studenten har:
grunnlag for å vurdere ulike investeringsprosjekt og finansieringa av desse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet .
BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveseminar, dataøvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt arbeidskrav
Vurderingsform
Heimeeksamen 1 veke.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel