Hopp til innhald

MGBMU301 Musikk 2, emne 1 - Musikalske møte i og utanfor klasserommet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Musikk 2 emne 1 kan erstattast med utvekslingsopphold av tilsvarande omfang. Emnet er ope for innreisande studentar.

Sentrale tema i emnet vil vere kulturelt og musikalsk fellesskap, læring og ulike former for samarbeid på formelle og uformelle arenaer. Studentane skal utvikle sine musikalske og fagdidaktiske eigenferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing og praktisk og teoretisk musikkdidaktikk til bruk i skolen.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om musikalsk barnekultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk
  • har kunnskap om mangfaldige og inkluderande fellesskap for musikalsk læring og hvordan slik kunnskap kan nyttast i grunnskulen
  • har kunnskap om forholdet mellom musikk og elevers emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og begynnaropplæring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing og arrangering/komponering
  • kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere ulike læringsløp i musikk og kan vurdere enkeltelevers og elevgruppers arbeid
  • kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har for musikk- og danseopplæring og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa i skulen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
  • kan legge til rette for elevvurdering som bygger på faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering, og kommunisere grunnlaget for vurderinga til andre

Krav til forkunnskapar

Musikk 1 emne 1 og 2.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, praktisk undervisning individuelt og i heilklasse og grupper, gruppearbeid og litteraturstudier. Observasjon av og refleksjon rundt musikkpraksisar i og utanfor skulen.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte
  • Ei praktisk og ei skriftleg oppgåve.

Nærare retningsliner blir gitt.

Eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knyttast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Godkjent arbeidskrav er gyldig i semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Praktisk-metodisk eksamen.

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Nødvendig musikkutstyr.

Meir om hjelpemiddel