MGBNO301 Norsk 2, emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1 (MGBNO301) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget.
Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2 (MGBNO401).
Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisning på mellomsteget, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon, norsk som første- og andrespråk og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kjennskap til samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk - kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar på norsk, skandinaviske språk og engelsk
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefaget sin historie og eigenart som språk-, kultur- og danningsfag
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingshistoriske problemstillingar
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og littertur 1 (MGBNO301) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNO101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNO201)
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande student. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar. Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Eitt av krava er 80 % oppmøte til undervisninga. Minst eitt av dei er munnleg og minst eitt av arbeidskrava skal vere knytt til forskingsmetode. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Vurderingsform
Studenten skal skrive FoU-oppgåve/semesteroppgåve enten i emne MGBNO301 eller MGBNO401.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve/semesteroppgåve i gjeldande emne, MGBNO301, er eksamen denne:
- Individuell skriftleg FoU-oppgåve/semesteroppgåve og munnleg eksaminasjon. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri. Vekting: Oppgåve 50 % og munnleg eksaminasjon 50 %. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve/semesteroppgåve i emne MGBNO401, er eksamen i gjeldande emne, MGBNO301, denne:
- Individuell skriftleg mappevurdering av to tekstar. Målform: Bokmål og nynorsk. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
- FoU-oppgåve/semesteroppgåve: alle
- Munnleg eksaminasjon: ingen
- Individuell skriftleg mappevurdering: alle