FE402 Anvendte øvingar i energiomstilling
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Gjennom ein serie av førelesingar og laboratorieøvingar, vil emnet gje ei grundig innføring i ulike former for fornybar energiteknologi: biodrivstoff, solarenergi, vindenergi, vindressursar, elektrolyse og drivstoffceller. Laboratorieøvingane vert gjennomført i grupper på 3-5 personer, der kvar gruppe skal levere ein laboratorierapport.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Å lære dei grunnleggande prinsippa innan kjemi, fysikk og biologi som er relevant for fylgjande teknologiar; biodrivstoff, solarenergi, vindenergi, vindressursar , elektrolyse og drivstoffceller.
- Å lære å førebu og gjennomføre vitskaplege laboratorieøvingar og rapportere og diskutere resultat og konklusjonar på vitskapleg vis.
Ferdigheiter
- Kunne bruke og montere vitskapleg utstyr ved gjennomføring av laboratorieøvingar.
- Kunne måle, registrere og tolke resultat på ein systematisk, konsis og tydeleg måte.
- Ha oversikt over og kunne fylgje helse- og sikkerheitsreglar.
- Kunne rapportere og kommunisere komplekse prosedyrar og resultat til eit breitt publikum.
- Kunne arbeide i grupper (lagarbeid).
Kompetanse
- Produsere hydrogengass gjennom elektrolyse, og konvertere hydrogengass til elektrisitet ved bruk av drivstoffceller.
- Fastsetja og diskutera potensialet for produksjon av vindenergi, basert på historiske vinddata.
- Fastsetja effektane av vindhastigheit, bladhelling på vindturbinen og vindturbinen sin soliditet i høve energiproduksjon. Alt basert på forsøk med ein småskala vindtunnel.
- Bruke PV solarceller, fastsetje dei effektane som panelorientering og meteorologiske faktorar har på energiproduksjonen.
- Kalkulere direkte solarstråling for ein spesifikk lokal og samanlikne dette med både faktisk målte data og kommersielle programvarekalkulasjonar.
- Produsera det vanlegaste biodrivstoffet i Europa (RME-biodiesel), og fastsetja eventuelle miljøpåverknader av denne produksjonen.
Krav til forkunnskapar
Nei
Tilrådde forkunnskapar
FY400, FE405 og FE407
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, laboratorieøvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
ingen
Vurderingsform
Mappe, bokstavkarakter. Karakterskala frå A-F, der F er ikkje greid.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel