Hopp til innhald

BSO212 Samfunnsarbeid med fokus på barn og unge

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhold og oppbygning

Samfunnsarbeid er ein planlagd prosess der ei eller fleire profesjonelle aktørar gjev bistand til ei gruppe eller eit lokalsamfunn som ynsker å ta i bruk eigne ressursar for å løyse problem dei sjølv opplever, og nå mål dei sjølv har sett seg.

I dette emnet er fokus retta mot korleis offentlege instansar, frivillige organisasjonar og andre velferdsaktørar kan arbeide saman med dei det gjeld. Studentane skal fordjupe seg i ei problemstilling, og koma med forslag til korleis samfunnsarbeid kan nyttast.

I emnet vekt på samfunnsarbeid   Meld. St. 19 (2014 - 2015) Folkehelsemeldinga, legg vekt på kor viktig lokalsamfunnet er for folks miljø og helse, både fysisk og psykisk.

I samfunnsarbeid står individuell og kollektiv medvitgjering sentralt. Og fokus vil vere på forhold som påverkar  levekåra til den enkelte og andre i same situasjon.

Å knytta det sosiale arbeidet til rådande samfunnsforhold, og ulike måtar å involvera seg i, og å påverka og endra desse, vil bli tatt opp.

Samfunnsarbeid i sosialt arbeid handlar om mobilisering av ressursar innanfor eit fellesskap, som kan være eit geografisk og/eller eit interessebasert fellesskap, og korleis  ein gjennom dette kan betre dei tilhøva fellesskapet sjølv ynske å endra.

Emnet skal gje kunnskap om, og forståing for, samfunnsrelaterte prosesser og endringsarbeid, gje kunnskap om ulike teoriar og metodar i samfunnsarbeid, og evner i å bruke desse.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande  totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten...

  • kan gjera greie for sosiale og strukturelle vilkår for sosial deltaking
  • har kunnskap om teoriar og metodar i samfunnsarbeid
  • skildra kva som fremjer eller hemmar sosiale endringsprosessar
  • har kunnskap om prosjektarbeid
  • har kunnskap om barn og unges levekår
  • kan gjera greie for egen prosjektidé  

Evner
Studenten...

  • kan søkja etter, vurdera og nytta offentleg statistikk, utgreiingar, prosjektrapportar og  forskingsrapportar
  • kan nytta metodar i samfunnsarbeid
  • kan nytta teori om prosjektarbeid, annan relevant teori og forskingsresultat til å førebu og planleggja eit prosjekt
  • kan førebu prosjektplan og prosjektrapport
  • samhandlar med andre studentar i prosjektgruppa og med eventuelle relevante samarbeidspartnarar

Generell kompetanse
Studenten...

  • reflekterer over risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar i barn og unges oppvekstmiljø
  • reflekterer over eigen fagleg utvikling og læring i forhold til samfunnsarbeid
  • arbeidar sjølvstendig og samarbeider som deltakar i ei gruppe
  • bidrar til å utvikla innovative tiltak for utsette grupper
  • diskuterer samarbeid på tvers av profesjons- og etatsgrenser
  • reflekterer over etiske problemstillingar
  • formidlar prosjektskisse og plan til andre

Krav til forkunnskaper

Emnet er kun åpent for studenter som er tatt opp på Bachelor i sosialt arbeid - HVL - Campus Bergen. Alle emner første studieår må være bestått.

Anbefalte forkunnskaper

Emnet byggjer på del av BSO 115 om samfunnsarbeid, BSO 203 Psykisk helse - sosialt arbeid med individ og grupper og BSO 204. Sosialt arbeid - rusavhengighet, psykisk helse og sosialmedisin og BSO 211 Barnevern. Sosialt arbeid med familiar. BSO203 og BSO204 bør vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

Dei første vekene blir det undervisning i sentrale teoriar og metodar i samfunnsarbeid, og forelesingar knytt til barn/unge. De vil bli lagt opp til ekskursjonar til aktørar som driv samfunnsarbeid relatert til barn/unge, eller desse blir trekt inn for å presentera arbeidet sitt.

Studentane blir delt opp i grupper etter valt tema og startar arbeidet med å utdjupe dette temaet som har fokus på ei gruppe/eit felt/eit problemområde. Vidare arbeider dei med den individuelle delen og finn fram til relevant teori, forsking og erfaring på området. Når gruppene møtes igjen skal dei velje teoretiske perspektiv, forsking og erfaringar ut frå dei individuelle delane. Dette arbeidet dannar grunnlag for aktuelt endringsarbeid, og skal munne ut i ein prosjektplan, som er ei gruppeoppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen;

  1. gjennomført framlegg/veiledning på prosjektplan med lærer og opponentgruppe
  2. gjennomført opponentvirksomhet på en annen gruppes prosjektplan
  3. deltaking på studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning. Ved fravær mer enn 20% må studenten søke om å få en individuell, kompenserende oppgave som skal bestås før studenten kan ta eksamen i emnet.

Godkjente læringsaktiviteter er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Eksamen

Emnet vert avslutta med ei todelt heimeoppgåve, ei individuell oppåave og ei gruppeoppgåve:

  • individuell teoretisk oppgåve, på 2500 ord +/- 10 %
  • gruppeoppgave i form av prosjektplan, på  4500 ord +/- 10 %

Den individuelle oppgåva og gruppeoppgåva vert vurdert separat ved sensur. Begge oppgåvene må vera bestått for å få karakter i emnet.

Alle i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få uttelling for eit felles produkt, skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemma. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må då levere ei ny oppgave til ny eksamen.

Vurderingsuttrykk

Karakterskala A-F, der A-E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Det vert sett èin karakter på den todelte heimeoppgåva på bakgrunn av ei 50/50 % vekting.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen må den eller de arbeider som er vurdert til ikkje bestått omarbeidast og leverast inn på nytt.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemidlar er lov

Mer om hjelpemidler